NRK Meny
Normal

Brustad grip ikkje inn

Helseministeren støtter Helse Vest sitt vedtak om å sentralisera nevrokirurgien på Vestlandet i Bergen.

 

Sylvia Brustad
Foto: NRK

Vedtaket har møtt protestar frå både Helse Stavanger, politikarar og støttegrupper. Dei har satt sin lit til at helseministeren ville gripe inn. Men det kjem ikke helseministeren til å gjera.

- Vi har full tillit til at Helse Vest har kome frem til ei god løysing, seier statsekretær David Libak i Helse- og omsorgsdepartementet.

- Det er Helse Vest som har ansvar for å gje ei god pasientbehandling til folk i Rogaland, Hordaland og i Sogn og Fjordane. Det har vi tillit til at dei gjer på ein god måte. 

I går toppa konflikten seg ved at Helse Stavanger nekta å bøye seg for styrevedtaket i Helse Vest.

Helse Stavanger vil tvert imot videreutvikle det nevrokirurgiske tilbodet i Stavanger.

Men dei får ikkje støtte. Helsedepartementet er enig med Helse Vest at visse behandlingstilbod må sentraliserast til større sjukehus.

- Nevrokirurgi er komplisert. Det må ikkje vere på for mange stader på grunn av sårbare fagmiljø. Vi er sikre på at Helse Vest har kome frem til det riktige standpunktet, seier Libak.