NRK Meny
Normal

Brot på hovudvassleidning på Hundvåg

Det er nesten ei elv i vegbana og mange hus er utan vatn i springen etter at det har gått hol på hovudvassleidninga på Hundvåg i Stavanger. Det er lange køar heilt inn mot Stavanger sentrum.

Vasslekkasje på Hundvåg

SJÅ VIDEO: Ein bil står fast midt i vegen, som nesten kan kallast ei elv.

Det gjekk hol på hovudvassleidninga mellom Buøy og Hundvåg torsdag ettermiddag, melder Stavanger kommune.

Kommunen melder litt før klokka 18 at lekkasjen er isolert, og at vatnet vil synka etter kvart. Alle husstandane skal ha fått tilbake vatnet i springen no.

Klokka 16.43 melder brannvesenet at dei er på veg til Hundvåg for å tømma ein ekjllar som er full av vatn.

Var ein halvmeter vatn i vegen

Vasslekkasje på Hundvåg

VASSTANDEN PÅ VEG NED: Kommunen har isolert lekkasjen og vatnet kjem til å synka framover.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er brot i ei vassleidning på Hundvågkrossen. Me har fått telefonar frå fleire butikkar som er uroa for at vatnet skal koma inn i lokala deira. Vassverket held på å gjera slik at dei fleste husstandane skal få att vatnet no, sa Kjetil Vier, operasjonsleiar hjå Rogaland Brann og redning IKS, til NRK litt før klokka 16.

Fleire tipsarar fortel NRK at køen står langt over bybrua inn til Storhaug.

– Det er veldig mykje vatn i vegen, og det er stort sett ved rundkøyringa og opp mot kyrkja. Der er det ein halvmeter vatn i vegen. Trafikken blir dirigert i mot Hundvåg Aust og sentrum i rundkøyringa, men ingen får køyra opp mot kyrkja, sa drosjesjåfør Egil Berge litt før klokka 16.

Kø på bybrua mot Hundvåg

TRAFIKKEN STÅR: På Bybrua ut mot Hundvåg stod trafikken like før klokka 17.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Utan eller brunt vatn i springen

Berge anslår at vatnet dekker om lag 100 meter av vegbana ned mot Hundvågkrossen.

– Vatnet er så djupt at ingen bilar får køyra gjennom, og det står ein bil fast uti der med vatn til over hjulbrønnane, fortel Berge.

Hjå dei som framleis har vatn eller får vatnet att snart, er sjansen stor for at det er brunt når det kjem ut av springen.

– Då må dei opna ei kran, helst den første krana som kjem inn i huset, og la det renna til det blir reint, seier Vier i brannvesenet.

Også på Rennesøy er folk utan vatn på grunn av leidningsbrotet. Vassleidninga som er skada har ein diameter på 30 centimeter og transporterar vatn til Hundvåg, Rennesøy og Finnøy.

Laster kart, vennligst vent...