NRK Meny
Normal

Britisk fiskebåt har gått ned utanfor Ekofisk

Ein britisk fiskebåt med fem personar har gått ned på engelsk sokkel femten mil vest for den norske oljefeltet Ekofisk. Tre fiskarar er berga medan to framleis er sakna.

Laster kart, vennligst vent...

Den britiske fiskebåten gjekk ned vest for Ekofisk.

  • Siste: Klokka 22 opplyser HRS at deira deltaking i søket er avslutta utan at fiskarane blei funne. RCC held fram søket.

– Me har blitt kalla opp av Rescue Coordination Centre (RCC) i Kinloss og dei har bedd oss om hjelp til å søka etter to sakna fiskarar, seier redningsleiar Cecilie Øversveen i Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Norge til NRK.

Tre fiskarar funne

Derfor deltek nå Bristow sitt Search and rescue (SAR) helikopter, som er stasjonert på ConocoPhillips sine oljeinstallasjonar på Ekofisk, i søket.

Det var i 12-tida i dag ein fiskebåt, med fem fiskarar søkkte i Nordsjøen. Helikopteret som blei sendt ut av den britiske redningssentralen lukkast med å finna tre av fiskarane.

Desse blei tekne opp i helikopteret og frakta tilbake til Storbritannia.

Leiter framleis

Like før klokka 15 bedde (RCC) om bistand frå det norske SAR-helikopteret.

– Me har framleis ikkje funne dei sakna fiskarane. Det er på veg eit nytt helikopter frå Storbritannia, som også skal vera med å søka, seier Øversveen.

Det er RCC i Kinloss som koordinerer søket, og HRS har ingen info om kvifor fiskebåten gjekk ned eller tilstanden til dei tre som blei plukka opp av helikopteret.

Laster Twitter-innhold