Hopp til innhold

Braut rutinane under ferjedrama i Lysefjorden

Helse Stavanger vedgår at dei braut rutinane sine då den lokale bakvaktslegen i Forsand ikkje blei varsla først om ferjehavariet i Lysefjorden.

Her blir passasjerane redda frå ferja "Eid" i Lysefjorden

Det blei kraftig røykutvikling på MF «Eid» fredag kveld 17. august. To personar måtte til legevakt på Jørpeland i Strand med røykskadar. Her blir passasjerar evakuerte til Oanes.

Foto: Privat

– Me må skjerpa vår eigne rutinar etter denne hendinga, seier Stephen Sollid, klinikksjef i Helse Stavanger.

To personar måtte få legetilsyn, men ingen blei alvorleg skadd då turistferja MF «Eid» fekk motorhavari og kraftig røykutvikling i Lysefjorden i Forsand fredag kveld 17. august.

NRK har fått tilgang til AMK sin varslingslogg. Den viser at prosedyrane kun blei følgde i starten.

– Normalt sett skulle bakvaktslegen blitt varsla samtidig med Sandnes legevakt. Dessverre blei ikkje det gjort i dette tilfellet. Det beklagar me sterkt, seier Sollid.

To personar enda på legevakta i Strand kommune. Det er nærmaste legevakt. Men sidan havariet skjedde i Forsand kommune, skulle dei eigentleg ha reist over fjorden – til legevakta i Sandnes, som Forsand har legevaktsamarbeid med.

Men slik blei det ikkje sidan politiet sende dei til legevakta på Jørpeland i Strand. Hendinga har fått Strand-ordføraren til å stilla spørsmål ved legevaktsamarbeidet til nabokommunen.

Forsand-legen blei ikkje varsla først

Stephen Sollid

Stephen Sollid, klinikksjef i Helse Stavanger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Sandnes legevakt blei varsla av AMK klokka 20.31 på kvelden. Det er ein time og fire minutt før bakvaktslegen på Forsand, som blei varsla 21.35 på kvelden.

– Det beklagar me sterkt, seier Sollid.

Han seier avgjerda er «litt typisk» når store hendingar skjer, med fleire redningsetatar involvert.

– Desse avgjerdene går ofte litt på tvers av det som er normalprosedyrar. I dette tilfellet det som er i avtalen mellom Forsand og Sandnes.

Lovar å skjerpa rutinane

Ifølge klinikksjefen fekk ikkje varslingsglippen noko å seia for hjelpa dei to pasientane fekk.

– Men det kunne fått noko å seia for pasientflyten dersom Forsand-legen hadde vore med tidlegare og kunne vore med på planlegginga av kor pasientane skulle sendast. I dette tilfellet blei nok avgjerda tatt av innsatsleiinga i politiet på staden.

Om dette betyr at pasientane hadde blitt sende til legevakta i Sandnes, dersom bakvaktslegen i Forsand hadde blitt varsla tidlegare, vil ikkje klinikksjefen spekulera i.

– Er det grunn for helseføretaket til å sjå nærmare på samarbeidslinjene etter dette?

– Samarbeidet og dialogen med kommunane og legevaktene i distriktet er god, men me må skjerpa vår eigne rutinar etter denne hendinga. Me må vera nøye med å varsla dei legane som skal varslast.

Lege i bakvakt 24 timar i døgnet

Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H) er einig i at Helse Stavanger nå må gå gjennom sine varslingsrutinar.

Bjarte Sveinsvoll Dagestad

Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H).

Foto: Arild Eskeland / NRK

Han er også opptatt av å formidla til sine innbyggarar at kommunen har ei legebakvaktsordning som gjeld 24 timar i døgnet.

– Me stod klar med lege, men legen blei ikkje kalla ut av AMK. Eg vil understreka at me har lege i bakvakt på denne sida av fjorden, uavhengig av ferja. Og legekontoret vårt er fullt utstyrt.