Hopp til innhold

Braut fartsgrensa med usikra baby i bilen

Mannen i 40-åra, som blei teken i fartskontroll i natt, hadde ein baby (1) og eit barn (4) i bilen sin. Ingen av dei var sikra, og mannen skulle køyra 105 kilometer.

Køyrde med usikra baby

– I politiet sine auge er det uakseptabelt å køyra med usikra barn. Her var det i tillegg snakk om høg fart og køyring over eitt langt strekk, seier operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Rune Plassen.

Fekk bot

Det var klokka 03.30 politiet i natt stoppa ein bil som kom køyrande i 75 km/t i 60-sona i Ølensvåg. I bilen sat ein mann i 40-åra, ein baby på berre eitt år og eit barn på fire år. Ingen av barna var sikra. På toppen av det heile fortalde mannen at han var ute på langtur til Stavanger.

– Barna er så små at dei ikkje kan ta ansvar for dette sjølv, og det er foreldra sitt ansvar. Han fekk ikkje køyra vidare før han hadde skaffa godkjende barnesete, fortel Plassen.

Det fekk han etter kvart fatt i, og han fekk då køyra vidare. Med seg på turen fekk han ei fartsbot på 4900 kroner i tillegg til eit gebyr for å ikkje sikra barna.