Hopp til innhold

Braut besøksforbod etter eitt døgn

Mannen i 20-åra hadde banka opp kjærasten og fått besøksforbod på fredag. Natt til søndag var han i gang igjen.

Besøksforbud brukes for å hindre vold og i verste fall drap

Besøksforbud brukes for å hindre vold og i verste fall drap.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Mannen er busett i Haugesund og han har fleire dommar på seg frå forskjellege valdssaker.

– Det er ein mann politiet kjenner ganske godt, seier operasjonsleiar i Haugesund, Håkon Tornes.

Oppsøkte huset til ex-kjærasten

Det var i tre-tida, natt til søndag, at mannen blei tatt av politiet, igjen. Han hadde ikkje kome seg inn til den tidlegare kjærasten, men han hadde tatt kontakt på telefon. Då var han undervegs i bil og då blei politiet kontakta.

– I tillegg til brot på besøksforbodet er han også mistenkt for bilkøyring i rusa tilstand, opplyser Tornes.

Skambanka tidlegare sambuar

Då mannen blei tatt fredag kveld, hadde han skambanka sambuaren sin. Ho blei sendt til sjukehus med brot i handa og med synlege merke etter slag mot hovudet og mot overkroppen, skriv Haugesunds Avis.

Det hjelpte heller ikkje mannen i 20-åra at han køyrde ein uregistrert bil med sommardekk, då han blei stoppa av politiet.