Hopp til innhold

Politi og brannvesen nedringt på grunn av bråtebrann

På brannvakta i Haugesund har dei svart på den same meldinga 200 gonger i dag og i natt. Grunnen er ein bråtebrann på Hodnafjell som blei ein del større enn varsla.

Bråtebrann Hodnafjell

Bråtebrannen var godt synleg frå vegen nått til laurdag.

Foto: Tor André Johannessen

– Bråtebrannen var varsla på førehand, men blei nok ein del større enn det bonden hadde sett føre seg. Likevel var det aldri fare for at brannen kunne spreia seg, seier ei trøytt brannvakt i Tysvær kommune på Haugalandet, Svein Fjellet.

Dei kallar brannen på heile 100 mål for kontrollert, men slik såg det ikkje ut for dei mange bilistane som køyrde forbi fredag kveld og tidleg måndag.

Stor pågang

Sidan brannen ligg like ved eit stort vegkryss har svært mange fått den med seg, og som gode borgarar har dei både varsla politi og brannvesen.

– Dei som ringjer gjer ein god jobb, men eg byrjar å bli litt lei nå, seier Helge Danielsen på 110-sentralen, han reknar med at han har svart på omlag 200 telefonar.

Også politiet kan melda om at dei har blitt nedringde om denne brannen. Danielsen håper at det vil roa seg, når skogsavfallet får brenna opp.

Må ta alle seriøst

– Det viktigaste er at me ikkje tar det for gitt at det er brannen på Hodnafjell folk ringer inn om, derfor må eg alltid vera viss på kor brannen dei melder inn er, seier Danielsen.

Når det er klart kan han gje sitt vanlege svar om at brannvesenet kjenner til brannen, og at den er kontrollert.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.