Brannvesenet har starta kvinnejakta

Dei har berre fire prosent, men vil ha fleire. Det siste året har brannvesenet greidd å doble talet på kvinnelege søkarar til jobbane i Rogaland.

Opptaksprøve brannkonstabel Rogaland brann og redning

Måndag fekk 100 av dei 350 søkarane til jobbane som brannkonstablar stille til start på opptaksprøva. Første nålauge var å springe fem kilometer. – Både kvinnene og mennene som har møtt opp i dag, er veldig gode, seier Jan Petter Nielsen.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Vi vil spegle befolkninga. Viss det berre er menn i brannvesenet, er vi ikkje som resten, seier Lise Peterson, seksjonsleiar i Rogaland brann og redning.

I desse dagar skal brannvesenet i og rundt Stavanger tilsette nye brannkonstablar. Men medan kvinneandelen i både politiet og Forsvaret aukar, går det tregt hos brannvesenet.

Måndag morgon starta opptaksprøva for å bli brannkonstabel. Ti kvinner fekk stille til start. Det er fleire enn nokon gong.

Lise Peterson, seksjonsleder i Rogaland brann og redning

Lise Peterson i Rogaland brann og redning vil at fleire kvinner skal søke på jobbar hos dei.

Foto: Marte Skodje / NRK

Ein av dei er Tatiana Amigo. 29-åringen har fem år i Forsvaret bak seg, mellom anna befalsskule og to år som stridsvognkommandør.

Draumen om brannvesenet fekk ho då brannstasjonen hadde open dag i fjor.

– Eg tenkte berre: Oi, det var meg, seier ho, som i dag jobbar som hjelpepleiarassistent.

Tatiana Amigo

Tatiana Amigo har vore fem år i Forsvaret og har bachelor i marknadsføring, men drøymer om brannvesenet.

Foto: Privat
Tatiana Amigo

I dag jobbar 29-åringen som hjelpepleiarassistent.

Foto: Marte Skodje / NRK

Den opne dagen er eit av tiltaka brannvesenet meiner har hatt effekt. Dei vil i framtida sjå meir på bakgrunn og kompetanse, og bry seg mindre om kor mange armhevingar søkarane tar – så lenge dei greier minstekravet på sju.

– Det trenger ikkje vere den sterkaste eller raskaste som blir den beste brannkonstabelen, seier Peterson.

Tre av 132

I fjor var det berre fire prosent kvinner i brannvesenet i Noreg. Av 132 tilsette konstablar i det tolv kommunar store brannvesenet Rogaland brann og redning er berre tre kvinner.

Kvar gong brannvesenet lyser ut ledige konstabelstillingar, er det om lag 350 søkarar. Fram til nå har berre fem prosent av søkarane vore kvinner. Men før tilsettinga som går føre seg nå, er ti prosent av søkarane kvinner.

– Vi vil enda høgare opp. Jo fleire kvinner som søker, jo større sjanse har vi til å få tilsett dei, seier Peterson.

Jan Petter Nielsen

Jan Petter Nielsen trur så mange vil jobbe i brannvesenet fordi yrket er variert.

Foto: Marte Skodje / NRK

Jan Petter Nielsen leia opptaksprøva måndag.

– Både kvinnene og mennene som har møtt opp i dag, er veldig gode, seier han.

I to dagar skal han teste søkarane i mellom anna klaustrofobi, høgde, symjing, teori og praktisk arbeid – i tillegg til springing.

Brukte 26 minuttar

100 søkarar fekk stille til start på den fem kilometer lange testen måndag morgon.

48 menn og to kvinner gjekk vidare.

Før løpet var Tatiana Amigo optimist – på vilkår. Ho er vant med å trene mykje, men har drive mest med crossfit i det siste. Ifølgje hennar sjølv er ho er svakast på kondisjon.

Tatiana

Etter løpet blir namna på det 50 som går vidare lest opp – eitt etter eitt.

Foto: Marte Skodje / NRK
Tatiana

Berre to kvinner gjekk vidare. Amigo var ikkje ei av dei. – Eg må trene meir kondis, seier ho, som vil prøve på ny.

Foto: Marte Skodje / NRK

Då løpet var over, var Amigo med sine 26 minuttar for langt unna den rettleiande tida på 23. Men ho legg ikkje branndraumen på hylla.

– Eg var såpass nær at det er lett trenbart. Eg må trene litt meir kondis, og så er eg der, sa ho etterpå.

– Eg gjorde mitt beste. Eg får prøve igjen når det kjem ledige stillingar.