Hopp til innhold

Branntilløp i bilverkstad

Brannvesenet gjekk inn med røykdykkarar i eit bygg i Vågsgata i Sandnes i går kveld. Det var mykje røyk i bygget, noko som truleg stammar frå ein bil som stod i ein bilverkstad i bygget. Ingen blei skadd og branntilløpet spreidde seg truleg ikkje til andre bedrifter enn verkstaden i bygget.

Bil øydelagt av brann utanfor bilverkstad Sandnes
Foto: Heidi Karin Gilje Skog