Hopp til innhold

BRANN:

Eit hus på Hauge i Haugesund fekk store skadar i ein brann i natt. Tre personar budde i huset, men kom seg ut på eige hand. Dei er sende til sjukehus for sjekk. Det var ei stund fare for at brannen kunne spre seg, og naboar vart evakuerte.