NRK Meny
Normal

Brann vann over FK Haugesund

Brann gjekk sigrande ut av kampen mot FK Haugesund, laurdag kveld. Det betyr at Brann er oppe på fjerdeplass på tabellen, berre eitt poeng etter bronselaget Sarpsborg 08. FK Haugesund er på sjetteplass.

Kristoffer Barmen og Sivert Heltne Nilsen

Branns Kristoffer Barmen (t.v) jubler etter 1-1 målet.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Tor Arne Andreassen, sjølve Mr. Haugesund, skåra det første målet for heimelaget etter 17. minutt. Fredrik Pallesen Knudsen heade ballen på mål, og Ruben Kristiansen redda først på streken, men så kom Andreassen og pirka ballen i nota.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Brann.

Haugesunds Tor Arne Andreassen (bak) jubler etter 1-0 målet i eliteseriekampen i fotball mellom FK Haugesund og Brann på Haugesund stadion. Branns Fredrik Haugen (t.v) fortviler.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Deretter var det Brann og toppskårar (7), Kristoffer Barmen, som slo tilbake. Seks minutt seinare sto det 1-1. Nouri slår ein god ball hardt inn i feltet. Der er Barmen som kjempar seg framføre Pallesen Knudsen og set inn utlikninga med venstrefoten.

Eitt minutt før pause fekk FKH målet som gav ein god stemning i garderoben. Alexander Stølås sto bak eit innlegg som gjekk via Heltne Nilsen, før Anthony Ikedi skåra leiarmålet.

Etter 60 minutt står det igjen uavgjort. Cosic held igjen Vega inne i straffefeltet til Haugesund. Dommaren dømer både straffe til Brann og gir Cosic gult kort. Brann sin kaptein, Vito Wormgoor, skårar sikkert til høgre for FKH-keeper Bråtveit, som går til feil side.

Så bølga det att og fram inntil det 82. minutt. Då dukkar spissen Torgeir Børven opp. Han hadde kome inn 20 minutt tidlegare, og nå set han først ballen på FKH sin keeper, men på returen headar Børven i mål.

  1. Les også: Tap for Haugesund i Skien

Fram til pausen

Heimelaget opna best og pepra dødballar mot Brann-målet. Brann-keeper Leciejewski sleit i feltet, og kunne også vore ute på femmeteren og avverga det første målet til FKH.

Etter 1-0, vakna Brann og utlikna både i skåringar og i banespel. Mot slutten av omgangen byrja FKH på ei ny dødballbølje mot Brann-målet og etter tre forsøk kom leiarskåringa.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Brann.

Haugesunds Anthony Ikedi (t.v) og Haugesunds Shuaibu Lalle Ibrahim jublar etter 2-1 målet.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

I andre omgang hadde begga laga fleire sjansar, men det var altså Brann som skåra på sjansane sine og som nå er oppe på fjerdeplass på tabellen, berre eitt poeng etter Sarpsborg 08.

Tungt for begge lag

Verken Brann eller FKH hadde gjort det særleg bra før dette vestlandsderbyet. Berre ein av dei åtte siste kampane til dei to laga har enda med siger. Det var Haugesund som vann 2-0 over Sandefjord.

Men begge laga låg over midten av tabellen på femte og sjetteplass før kampen. Brann hadde eitt poeng meir enn FK Haugesund.

Det er heller ikkje lag som bøttar inn mål som møter kvarandre i den første kampen denne eliteserierunden. Toppskårar for Haugesund var Ibrahim Shuaibu med seks mål. Brann sin toppskårar var Kristoffer Barmen som hadde sett inn sju, før vestlandsdebyet i kveld.