Hopp til innhold

Krimteknikarar går inn i morgon

I løpet av morgondagen går politiet i gang med å leita etter årsaka til at to gamle hus byrja å brenna i Stavanger sentrum i går. Brannen blei truleg ikkje påsett.

brann i verksgata

Det var onsdag ettermiddag det byrja å brenna i to gamle trehus i Stavanger sentrum. Ingen personar kom til skade i brannen.

Foto: Jorunn Nesvik

Torsdag morgon er brannen i Verksgata 31 og 33 i Stavanger sentrum sløkt, men vakthaldet ved branntomta er godt.

– Både brannkorps og politi har hatt vakter ute i heile natt, og held fram med det utover dagen, seier vaktkommandør, Bjørn Tollefsen, i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Han seier at sjølv om brannen er sløkt vil det vera naturleg med litt varmgang etter ein så stor brann, og at det derfor framleis vil kunna røyka litt frå branntomta.

Årsaka til brannen er ukjent

Det var klokka før klokka 15 i går det byrja å brenna i Stavanger sentrum. Begge dei to trehusa er utbrent, men brannvesenet hindra at brannen fekk spreia seg.

Nå byrjar politiet arbeidet med å finna ut kvifor brannen starta. Til Stavanger Aftenblad opplyser politiet at det ikkje er noko som tydar på at brannen er påsett. Dei held likevel alle moglegheiter opne når dei skal etterforska saka.

– Når branntomta er kald og sikra sender me inn krimteknikarar. Det er framleis for tidleg å sei når dette blir, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Brit Randulff, til NRK.no torsdag morgon.

Brannvesenet meiner at branntomta truleg skal vera klar i morgon.

– Det er framleis for farleg å gå inn i bygget, det er mykje røyk og giftige gassar der inne. Derfor tilrår me ikkje at krimteknikarar kjem inn i dag, seier seier brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland Sven Kåre Hagevik.

Brannvesenet skal ha vakt frsam til 23 i kveld, då skal dei vurdera om det blir nødvendig med vakthald også i natt.

Kunne gått ille

Brannvesenet fekk tidleg onsdag kveld god kontroll på brannen i den tidlegare hermetikkfabrikken i den eine av dei to bygga. Politiet blei varsla om brannen like før klokka 15.

– Heldigvis gjekk dette veldig bra. Brannen skjedde på eit gunstig tidspunkt på
døgnet. Hadde dette skjedd nattetid, kunne det gått ille, sa operasjonsleiar Kjetil Føyen i Rogaland politidistrikt til NTB i 3-tida natt.

Bygget fungerer som eit leilegheitskompleks, og ifølgje politiet var sju personar registrert med adresse der. Det brukast også mellom anna som lager.

Brannen spreidde seg etter kvart til eit murbygg ved sida av, og også dette bygget blei heilt utbrent.

– Det er totalhavari på bygardane. Den eine har rast saman og den andre delen står halvvegs. Dei må nok rivast, sa vaktleiar Leif Kåre Lerang i Stavanger brannkorps til Aftenbladet seint onsdag kveld.

Kunstsamling

Brannvesenet klarte å hindra at flammane spreidde seg til andre bygg i nærleiken, mellom anna eit fire etasjar høgt hus vegg i vegg. Det blei også avgjort å riva den eine ytterveggen og fasaden på eitt av bygga i eit forsøk på å redda kunstverk for store verdiar i bygget.

For om ingen personar kom til skade, har truleg store delar av kunstnaren Terry Nilssen-Loves verdifulle livsverk som var lagra i nettopp Verksgata 31, gått tapt.

Brannvesenet henta onsdag kveld fleire av måleria ut av dei utbrente bygningane.

– Eg har nesten heile min produksjon liggande i dette bygget. Nå leiter eg etter billettar for å komma meg heim så fort som råd, seier Nilssen-Love til Aftenbladet på telefon frå Portugal. Han hadde onsdag kveld ingen oversikt over skadeomfanget.

Brannvesenet opplyser torsdag om at dei skal inn og henta om lag 150 nye maleri, som framleis står inne i bygget.