Hopp til innhold

Dødsbrann på Tananger

Ei 69 år gamal kvinne døydde etter ein husbrann på Tananger i natt. Brannårsaka er førebels ukjent.

Dødsbrann på Tananger

Brannmannskap driv nå ettersløkking på branntomta på Tananger.

Foto: Ronny Hjertås

Brann på Tananger

Brannen skjedde i Nunsteinvegen på Tananger.

Foto: Ronny Hjertås

Brannvesenet rykka i natt ut til eit hus på Tananger i Sola kommune som stod i full fyr.

– Det var ein nabo som ringde inn og varsla om brannen klokka 03.35, seier Helene Strand, som er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger.

Mannen berga seg ut

Det er ein eldre mann og ei eldre kvinne som er registrert på adressa. Mannen hadde kome seg ut på eiga hand, medan brannmannskapet måtte berga kvinna ut frå eit rom i andre etasje.

– Ho fekk først behandling på staden før ho blei frakta til sjukehuset i ambulanse, seier Helene Strand.

Klokka 06.00 opplyser Stavanger universitetssjukehus at den 69 år gamle kvinna er død, og at hennar pårørande er varsla.

Brannårsak ukjent

Politiet kan ikkje seia noko om brannårsaka.

– Brannvesenet driv ettersløkking på branntomta, så snart den blir kald vil det koma kriminalteknikarar for å gjera undersøkingar, seier Strand.

Klokka 08.30