NRK Meny

Brann på Steinsfjellet i Haugesund

Brannvesenet rykka like før klokka tolv i natt ut til Steinsfjellet i Haugesund etter melding om ein lyngbrann som var i ferd med å ta seg opp. Då dei kom til staden brann det i eit område på om lag 100 kvadratmeter langs vegen. Brannmannskapet fekk sløkka brannen raskt. Politiet kjenner ikkje til kvifor det byrja å brenna.

Brann på Steinsfjellet i Haugesund
Foto: Politiet