Det var klokka 01.48 natt til søndag naudetatane rykka ut med store ressursar etter melding om brann på Randaberg sykehjem i Randaberg i Rogaland.
Det var då starta evakuering av 22 pasientar, som er eldre og pleietrengande.
Ein liten halvtime seinare melder politiet at brannen er slått ned og sløkt.
– Tre tilsette er sendt til Stavanger universitetssjukehus for behandling av røykskadar. Ingen av bebuarane er meldt skada og er evakuerte til avdeling/bygg like ved, opplyser politiet på Twitter seinare på natta.
Brannen starta på tekjøkken
Søndag morgon opplyser rådmannen i Randaberg til NRK at det er fire tilsette som blir sjekka for røykskadar på sjukehus.
Rådmann i Randaberg kommune, Magne Fjell.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Brann i ein sjukeheim midt på natta er vel noko av det verste som kan skje for ein kommune. Det positive her er at det gjekk veldig bra. Det var ein kjempeflott innsats av brannvesenet og tilsette på sjukeheimen, seier rådmann Magne Fjell.
Ifølge rådmannen starta brannen på eit tekjøkken på ei avdeling på sjukeheimen og det blei opne flammar.
Alle bebuarane er midlertidig flytta over til ledige lokale i eit nabobygg. Dette er dei gamle lokala til Ryfylke DPS på Randaberg.
Eit skrekkscenario
Ifølge leiinga ved sjukeheimen var evakueringa unnagjort på ein halvtime frå då brannen oppstod.
– Brann på ein sjukeheim på natta med eldre, skrøpelege pasientar og med låg bemanning er skrekkscenarioet for oss som jobbar i helsevesenet, seier verksemdsleiar for sjukeheimane i Randaberg, Ann Kristin Schmidt Thomson.
Ho var blant fleire leiarar og tilsette som kom til sjukeheimen i natt for å hjelpa til.
– Dei tilsette har gjort ein ekstrem innsats i å klara å redda 22 skrøpelege pasientar ut av ein sjukeheimsbygning full av røyk, seier sjukeheimsleiaren.
Ho fortel at det generelt var eldre og skrøpelege pasientar som blei evakuerte. Nokre blei transporterte i senger og madrassar, mens andre blei evakuerte til fots og i rullestol.
– Pasientane var veldig rolege i natt. Dei var sikkert litt prega av alvoret, men har sove i natt og er tilsynelatande i god fysisk form. Dei er også tilsett av lege, i tillegg til at me har ekstra personell.
Stolt ordførar
Ordførar i Randaberg, Kristine Enger (Ap).
Foto: Kaj Hjertenes / NRKOgså Randaberg-ordførar Kristine Enger (Ap) er full av lovord om innsatsen til dei tilsette på sjukeheimen.
– Det er heilt fantastisk kva dei har klart i natt. Det er ingen tvil om at dei har redda liv. Eg vil rosa dei tilsette og brannfolka som var med på evakueringa.
Ifølge ordføraren er dei fire tilsette som blei sjekka for røykskadar skrivne ut av sjukehus.
Det er usikkert når dei evakuerte pasientane får flytta tilbake til sjukeheimen.