NRK Meny

Brann i semitrailer i Lund

  • BRANNEN I SEMITRAILEREN ER SLØKT:

    Brannen i semitrailer-hengaren på E39 ved Refsland i Lund kommune er sløkt. Det var i bremsane det hadde tatt fyr. Bilen var lasta med trevirke. – Brannvesenet hadde kontroll, men det hadde vore litt fyr i lasta, men ikkje mykje, litt av det var forkulla, seier Lene Nyberg, vaktkommandør i Rogaland Brann og redning.

  • BRANN I VOGNTOG I LUND:

    Det brenn i hengaren til eit vogntog i Lund kommune på E39 ved Refsland. Det er ikkje meldt om personskade, og hengjaren er lasta med trevirke. Det er i bremsane det har tatt fyr, men hengaren er kopla ifrå køyretøyet slik at det ikkje er fare for at brannen skal spreia seg. Brannvesenet er i gong med sløkjearbeidet, og vegen er stengd i begge retningar.