NRK Meny
Normal

Brann i Sandeid fengsel

Brannvesenet melder no at dei har kontroll på brannen i Sandeid fengsel i Vindafjord. Ingen skal vera skadd.

Klokka 19:47 fekk brannvesenet melding om ein brann i velferdsbygget i Sandeid fengsel.

Alle som var i bygget skal allereie då ha blitt evakuerte.

Naudetatar rykka ut til staden.

Klokka 20:18 melde lokalt brannkorps at dei hadde kontroll på brannen.

Ingen vart skadd i brannen.

– Brannen ser ut til å vera avgrensa til eit utandørs trappebygg, og det verkar som at brannen starta på utsida av bygget, i eit område som blir brukt til røyking. Det er ikkje påvist andre skader enn brent panel, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt, Trond Friberg.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend, men det er ikkje noko som tyder på at brannen var påsett.

Politiet er no i ferd med å dra frå staden. Åstaden blir vareteke av fengselet sjølv.

Saka vil bli etterforska.