NRK Meny
Normal

Store skadar etter kraftig brann i rekkehus

To rekkehus er totalskadde i ein brann i Haugesund. To personar er sende til sjukehuset med røykskadar.

To leilegheiter vart totalskadde i ein brann i eit rekkehus i Haugesund.

SJÅ VIDEO: Det brann godt i rekkehusa. Brannen skal no vera under kontroll.

Klokka 04.13 fekk politiet melding frå brannvesenet om at det var brann i eit rekkehus i Utsiragata i Haugesund.

– Då naudetatane kom fram til staden så viste det seg at det brann godt i to av tre rekkehus, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne Reitan.

Det brann kraftig og ikkje før litt over klokka seks kunne brannvesenet melde at dei hadde kontroll.

– Det har brent kraftig i to rekkehus. Ein bustad er heilt brent ned, nummer to står delvis og nummer tre ser det ut som at brannvesenet har greidd å redde, seier innsatsleiar på staden, Kjetil Nesbu.

Artikkelen held fram under bilete

Brann i Haugesund

Det er store skadar etter den kraftige brannen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Frakta med ambulanse

– Brannen var svært omfattande. Me måtte evakuere naboane grunna høg varme og røyk. Det var lenge usikkert om det kunne spreia seg, men brannvesenet har gjort ein svært god jobb og det har ikkje spreidd seg, seier Nesbu.

To personar vart frakta med ambulanse frå staden med røykskadar.

Alle dei sju personane som var registrerte på adressene er gjort greie for. Dei fem andre bebuarane er evakuerte til eit hotell i Haugesund.

– Det skal ikkje vera sakna personar, seier Nesbu.

Laster kart, vennligst vent...