NRK Meny

Brann i hus på Finnøy

  • Brannen starta i ein ATV

    Når branntomta er kald nok skal kriminalteknikarar frå politiet undersøka kva som kan vera årsaka til at det byrja å brenna i eit hus på Finnøy i går kveld. Etter det NRK kjenner til starta brannen i ein ATV, som stod like ved huset. Men korleis den byrja å brenna er framleis ukjent. Førebels er ingen mistenkt. Det var ingen personar inne i huset då det byrja å brenna.