Hopp til innhold

Brann i elsparkesykkel i Sandnes

Det er meldt om brann i ein elsparkesykkel på Høyland i Sandnes.

Klokka 08.28 skriv politiet at brannen skal ha oppstått ved Høyland ungdomsskole.

Brannen har sannsynlegvis skjedd under lading. Politiet opprettar sak på forholdet. Det skal ikkje vere nokon skader elles.