Hopp til innhold

Brann i ein bustad i Verksgata i Stavanger

Brannvesenet har nå søkt gjennom bygninga og alle dei som bur der er gjort greie for. Ni personar blei evakuerte, og ingen av dei har kome til skade.

Brannbil på utsida av bygget med Piren Pub i Stavanger

Brannmannskap i fullt arbeid

Foto: Erik Waage / NRK

Ifølge politiet byrja brannen på eit kjøkken i bygninga. Dei vil ikkje seie noko meir om brannårsaka.

Brannen skjedde i bygget der Piren Pub held til i første etasje i Verksgata 9 i Stavanger. Restauranten Mogul India held også til på same adresse. Begge serveringsstadane stenger inntil vidare.

Røyk og brannbil i Verksgata i Stavanger

På gateplan i bygget held Piren Pub til.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Det var stor røykutvikling, etter at brannen blei meldt om lag klokka 12.45, søndag. Området rundt bygget blei også stengt av for biltrafikk, og kjem til å vera stengt ei stund framover, ifølge politiet.

Bygninga har næringsverksemd i første etasje og bustader i andre etasje. Det ligg like ved kaien, sentralt i Stavanger

Brann i Verksgata i Stavanger

Området rundt parkeringshuset på Jorenholmen er stengt av.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK