Brann i bustadblokk i Stavanger

Politiet melde i 21.30-tida om brann i ei bustadblokk i Verven i Stavanger. Ifølgje vitne NRK har snakka med brenn det kraftig i toppetasjen av blokka. Det var opne flammar ut vindaugo. Omkringliggjande leilegheiter blei evakuert.

Ein person er henta ut av leilegheita, han er sendt til Stavanger universitetssjukehus med ukjente skader.

Rett før klokka 22 bekreftar politiet at brannen er sløkt, og at det ikkje er fare for spreiing.

Brann i Verven i Stavanger
Foto: Marie Håland