NRK Meny
Normal

Dei evakuerte kan vende heim

Brannen laurdag morgon førte til evakuering av store delar av Sauda sentrum. Nå kan dei evakuerte vende heim.

Brann Sauda
Foto: Åse Karin Hansen/NRK

OPPDATERT: Politiet meldar klokka 15.07 at brannen i Sauda er sløkt. Det er ingen røyk og dei evakuerte er i ferd med å vende heim. Politiet held framleis på med arbeid på branntomta og politiet ber folk om å halda seg borte frå staden.

Øyra bakeri i Sauda brenner lørdag morgen. Flere har blitt evakuert og det er fare for spredning.

Foto: Eirik Birkeland

Alle redda ut

– To personar budde i leilegheiter i bakeribygget. Begge desse er redda uskadde ut. Det seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik ved politiet i Haugesund.

Også dei to som var på jobb då brannen starta har kome seg uskadde ut.

Fare for spreiing til andre hus

I nitida laurdag morgon var taket på bakeriet i ferd med å ramla i saman.

– Då fekk me også melding om at det var fare for spreiing til andre hus i sentrum av Sauda, fortalde operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik ved politiet i Haugesund.

Rett før klokka 11 kom meldinga om at det ikkje lengre var fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygg i sentrum.

Sentrum er evakuert

Gå til forsiden

Brann i Sauda 14. mai 2016:

Bakeribrann i Sauda

Brann i Sauda 14. mai 2016:

4 bilder

    Klokka 10 fortalde politiet at sentrum av Sauda var evakuert. Det var så fullt av giftig røyk at det ikkje var tilrådeleg at folk oppheldt seg der, fortalde Østebøvik.

    Også dei som budde på hotell Kløver i sentrum blei evakuerte.

    Spreiing via luftekanalar

    Brannen byrja truleg i ein bakaromn. Derfrå har den spreidd seg vidare til luftekanalane i bygget til Øyra bakeri i sentrum av Sauda.

    Brannen har vore vanskeleg å koma til og brannmannskapet måtte bryte seg gjennom tak og vegger for å kunne sløkke.

    Ein brannbil blei sendt frå Haugesund, som ligg halvannan time køyretur unna Sauda.

    Også brannvesenet frå Sand og folk frå sivilforsvaret er med på sløkkinga.