NRK Meny
Normal

Vil ha ro i partiet før valkampen

For eit år sidan blei han spesialutsend til Stavanger for å ordna opp i interne partikonfliktar. Nå er partisekretær Raymond Johansen vitne til at konflikten i oljebyen når nye høgder, eitt år før stortingsvalet.

Raymond Johansen

Partisekretær i Arbeidarpartiet Raymond Johansen meiner det er trist at bråket i Stavanger Ap har eskalert.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I natt offentleggjorde to bystyrerepresentantar frå Stavanger Arbeidarparti at dei meldar seg ut frå partiet.

Dette kjem etter ei langvarig konflikt i lokalpartiet, som partisekretær Raymond Johansen i oktober i fjor kom til Stavanger for å ordna opp i. Det handlar mykje om bybanespørsmålet, men konflikten har også til tider vore personleg.

Hilde Karlsen

Hilde Karlsen (bilete) og Anne Torill Stenberg Lura har meldt seg ut av Stavanger Ap. Begge er for bybane, medan fleirtalet i partiet heller vil ha bussveg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det er klimaet i Stavanger Ap eg vil vekk frå, skriv mellom anna bystyremedlem Hilde Karlsen i brevet om kvifor ho meldar seg ut.

Spørsmålet om bybane eller bussveg i Stavangerregionen splittar også partiet. Medan fleirtalet i Stavanger Ap går mot bybane, ønskjer utbrytargruppa at Stavanger skal få bybane tilsvarande den i Bergen.

Det er også kjent at det er tatt ut sjukemelding på grunn av bråket i partiet.

– Viktig med ro

Nå er Johansen uroleg for at konflikten skal få innverknad på stortingsvalet neste år.

– Det er veldig viktig at det nå blir skapt organisatorisk ro, og at me kan konsentrera oss om det viktige retningsvalet i 2013. Fokuset framover må vera å snakka om kva retning me vil føra Norge i, seier Johansen til NRK.no.

Å skapa ro i partiet er likevel ikkje ei lita oppgåve.

– Kvifor blei det ikkje ro sist gong du var her?

– Det er vanskeleg for meg å sei, men eg ser jo at me ikkje har lukkast med å rydda opp. At dette endar med to veldig dyktige og framståande representantar som trekk seg er jo veldig synd, seier han.

Og om ikkje bråket i Stavanger skulle vera nok, er det også konfliktfullt i Haugesund. Her trakk styret seg i går, etter det dei kallar skittent spel.

– Det er viktig å sei at desse sakene ikkje har noko med kvarandre å gjera, men generelt sett bør me heller diskutera med andre parti enn å diskutera oss i mellom.

– Her i Rogaland er det nyheit på nyheit om bråket i partiet, vil dette få noko å seia for oppslutninga her ved neste års val?

– Det er framleis ei stund til stortingsvalet, men det er viktig at det nå blir ro i både Stavanger og Haugesund, og det er dei nok einige i sjølv også. Men det er dei som må skapa ro sjølv, så skal heller sentrale krefter hjelpa til, dersom dei ønskjer det.

– Håplaus venstreside i Rogaland

Svein Tuastad

Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, meiner Arbeiderpartiet er i krise.

Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS

Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, seier at situasjonen i Stavanger og Haugesund er ei krise for Arbeidarpartiet.

– Kva har Rogaland gjort for å fortena ei heilt håplaus venstreside, spør Tuastad oppgitt.

Han seier at mykje tyder på at Stavanger Ap har køyrd seg heilt fast i den langvarige konflikten som har vore.

Han meiner likevel at det kan vera ein fordel at det er stortingsval og ikkje kommuneval til neste år.

– Dei skal berre vera glade for at det ikkje er lokalval i 2013, for medgangen dei hadde i 2011 har dei på eiga hand klart å snu heilt rundt, seier statsvitaren.

Seier ingenting om Bjelland

At eit politisk spørsmål om bybane kan veksa seg til ei så stor konflikt meiner Johansen er kritikkverdig.

– Å ha usemje om denne type spørsmål skal eit politisk parti som Arbeidarpartiet tola, det gjer me også vanlegvis. Eg veit ikkje nok om grunnane til at ein her går kvar sin veg, men store politiske debattar internt skal me tola, seier han.

Striden i lokallaget har kome inn saman med gruppeleiar Cecilie Bjelland, Raymond Johansen vil ikkje kommentera hennar rolle i det heile.

– Eg meiner det blir feil av meg å kommentera enkeltpersonar si rolle oppi dette. Eg meiner det trist at to personar har meld seg ut, og det blir viktig å jobba vidare for å skapa ro i partiet.