Hopp til innhold

BR Industrier får kjøpe Dale

Fylkeskommunen sel Dale-eigedommen til selskapet BR Industrier. Det har eit samrøystes fylkesutval avgjort i dag.

ABC-bygget på Dale asylmottak

Fleire aktørar har vore interesserte i å kjøpa den 4500 dekar store eigedommen på Dale i Sandnes.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

Foto: Erik Waage / NRK

Det er BR Industrier som skal ha kome med det høgste bodet i kampen om Dale eigedommen. Derfor var det dette firmaet som også stakk av med sigeren.

– Det beste bodet er frå BR Industrier ut frå kriteria som me la til grunn i starten av denne månaden. Eg kan ikkje gå inn på detaljar endå, men me har fått til noko som gir oss eit oppgjer i starten, og eit oppgjer i følginga, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Det var eit samrøystes fylkesutval som tok avgjersla.

Endeleg godkjenning står att

I fylkesrådmannen sin konklusjon stod dette.

«Budet fra BR Industrier velges som det økonomisk mest fordelaktige budet.

Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjennomføre nødvendige kontraktmessige avklaringer

Endelig avtale godkjennes av fylkesutvalget.»

Taust om pris

Det var fire bod med heilt til finalerunden, men seint i går kveld bestemde fylkesrådmann Trond Nerdal seg for at han ville tilråda BR Industrier. Eitt av poenga var at dette var eit av boda med færrast atterhald.

Førebels ønsker verken han, eller andre NRK har vore i kontakt med, å seie noko om prisen.

BR Industrier driv i hovudsak med oljerelatert verksemd, landbruk og landbasert industri. Men kva dei vil med Dale-eigedommen vil ikkje konsernsjef Bjørn Rygg ut med endå.

– Me har store og spanande planar for Dale, men eg vil ikkje her og nå gå inn på kva det handlar om, seier Rygg til NRK.

Meir