BP-jobbar i fare

Om lag 200 arbeidsplassar i oljeselskapet BP Norge kan bli flytta frå Stavanger, det skriv Aftenbladet. Årsaka er at administrasjons- og støttefunksjonane i BP Stavanger, kan bli flytta til Oslo, som følgje av at oljeselskapa Det Norske og BP Norge slår seg saman. Totalt kan omlag 400 stillingar i dei to selskapa bli flytta frå Stavanger og Trondheim til Fornebu.