Hopp til innhold

Skal gje landbruksministeren motstand

Fleire hundre bønder frå Rogaland er venta når landbruksmeldinga skal diskuterast på Varhaug i kveld. Mange av dei er kritiske til forslaget frå landbruksminister Jon Georg Dale.

Ola Andreas Byrkjedal

Leiar i Rogaland bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, lovar at landbruksministeren skal få klar tale frå bøndene i Rogaland. Mange av dei er i likskap med Byrkjedal ueinige i fleire av punkta i landbruksmeldinga.

Foto: Kjersti Hetland

– Me syns ikkje mykje om meldinga. Den utfordrar landbruket på mange punkt, og fører til at ein del av dei kjende elementa i landbrukspolitikken vert undergrava og delvis fjerna, seier Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland bondelag.

Ola Andreas Byrkjedal

Ola Andreas Byrkjedal seier det er krevjande å drive garden slik ting er i dag. Han fryktar det vil verta meir krevjande for bønder i distrikta dersom landbruksministeren får det som han vil.

Foto: Kjersti Hetland

Han driv sjølv gard på den vesle staden Byrkjedal i Gjesdal, langt frå dei store gardsbruka på Jæren.

Og det er kanskje særleg desse distriktsgardane som kan få det meir krevjande om landbruksminister Jon Georg Dale frå Fremskrittspartiet, får det som han vil.

– Med det einsidige fokuset på kostnadseffektivitet og volumproduksjon går ikkje dette i lag med eit landbruk i heile landet og ute i distrikta, seier Byrkjedal.

Førebudd på kritiske spørsmål

I kveld får han moglegheita til å koma med innvendingar til landbruksministeren. Då er det klart for det årlege stormøte på Varhaug. Det er venta at fleire hundre bønder frå Rogaland kjem.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale etter presentasjonen av Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen fredag.

Landbruksminister Jon Georg Dale, meiner, i motsetning til mange av bøndene, at forslaget hans ikkje vil gå på kostnad av landbruket i distrikta.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Mange av dei er i likskap med Byrkjedal ueinige i fleire av punkta i det nye forslaget til landbruksmeldinga som kom i desember i fjor.

– Me treng at folk kjem. Både for at eg skal få innspel og råd, og for at me skal få ein god diskusjon om den nødvendige utviklinga me treng i norsk landbruk, seier landbruksministeren.

Han ventar at det vil koma kritiske spørsmål, men meiner sjølv at forslaget hans ikkje går på kostnad av landbruket i distrikta.

– Det er ei god arbeidsfordeling i meldinga eg har lagt fram, som gjer at me både skal klare å vareta bøndene på Jæren og vareta bøndene i dei andre delane av Rogaland.

– Trur ikkje han får fleirtal

Stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet skal også vera til stades. Han er saksførar for landbruksmeldinga, og ventar at meldinga, som allereie har fått mykje kritikk, vil få store endringar når Stortinget er ferdig med behandlinga.

Geir Pollestad

Stortingsrepresentant Geir Pollestad, trur landbruksministeren vil få det tøft med å sikra seg eit fleirtal i Stortinget.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg trur ikkje han får fleirtal for alt det han ynskjer å gjera. Eg trur Stortingsfleirtalet har eit anna syn på norsk matproduksjon enn det Frp og regjeringa har.

– Kva syn er det?

– Blant anna om norsk matproduksjon berre skal handla om å produsera mest mogleg mat, billegast mogleg, eller om landbruket også har andre oppgåver på vegner av samfunnet. Dette er eit spørsmål me skal ta opp under debatten.

Lovar klar tale

Sjølv om Ola Andreas Byrkjedal er klar på at landbruksministeren skal takast godt i mot, lovar Byrkjedal klar tale frå bøndene i fylket.

– Me skal oppføra oss som folk, men han kan absolutt venta seg kritiske spørsmål. Rogalendingar er kjende for å sei klart ifrå om kva dei meiner.