Hopp til innhold

Betaler bønder opp til 600 kroner timen for å fjerna gamal piggtråd

Ein kan framleis finna piggtrådrestar frå heilt tilbake til krigen ute i naturen. I Rogaland tar dei nå grep for å få han vekk.

Piggtråd Voss

Oppsetting av ny piggtråd etter 2010 er ulovleg. Piggtråd som ikkje blir halde ved like er og ulovleg etter Dyrevelferdslova.

Foto: Tale Hauso / NRK

Bonde Leiv Velle Aareskjold i Søredalen har hundrevis av meter med piggtrådgjerde på garden som ligg i Sandnes kommune. Gjerda vart sett opp av faren på 90-talet, altså lenge før det vart forbode med piggtrådgjerde i Noreg i 2010.

– Det er ikkje noko stort problem så lenge gjerdet er uskadt, men dersom dei fell ned kan det bli problematisk, fortel bonden.

Over heile landet finst det gamle piggtrådgjerde. Dyr og menneske set seg fast i gjerde som er sette opp for mange år sidan.

Rogaland er einaste fylket med piggfrisatsing i landbruket

Statsforvaltaren i Rogaland har no sett i gang eit eige prosjekt for å få fjerna piggtrådgjerde frå gardar og bruk i fylket. Som påskjønning freistar dei bønder med tilskot for å rydde bort piggtråden.

– Vi ønskjer at kulturlandskap og innlandsbeiter skal vere fri for all piggtråd. Sjølv om det ikkje er forbode å ha gamle piggtrådgjerde ståande, så oppfordrar vi no bøndene til å fjerne desse gjerda, seier rådgivar hos Statsforvaltaren i Rogaland, Janne Breivik.

Leiv Velle Aareskjold, Nono Dimby og Janne Breivik.

Bonde Leiv Velle Aareskjold har besøk av Janne Breivik og Nono Dimby frå Statsforvaltaren i Rogaland.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Breivik fortel at ingen andre fylke har liknande prosjekt som det Rogaland no har sat i gang.

– Det har vore mindre satsingar, men ingen med ein samordning i den skala me gjennomfører her med kommunar, bondelag og gjenvinningsstasjonar involvert.

Piggtrådgjerde fra 1993 i Søredalen

Leiv Velle Aareskjold finn 5–600 meter med piggtrådgjerde på garden. Dette vart sett opp av Velles far på 90-talet og er derfor ikkje ramma av forbodet frå 2010. Men no vil Statsforvaltaren har piggane bort.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Tysk piggtråd frå krigen skaper framleis store problem

Langs heile kysten ligg det piggtråd, spesielt i etablerte forsvarsliner og festningsverk langs kysten.

Dette er et spesielt stort problem med gammal tyskarpiggtråd i Troms og Finnmark, fortel seniorrådgjevar Nono Dimby hos Statsforvaltaren i Rogaland.

– Dette skaper problem med skader på reinsdyra, vilt og andre beitande husdyr.

Han meiner at Mattilsynet som forvaltar dyrevelferdslova og Miljødirektoratet burde ha ei nasjonal opprydding for å fjerne piggtråd frå kulturlandskapet.

– Både med omsyn til dyrevelferd og forureining.

Kjempejobb å fjerne gamle piggtrådgjerde

Janne Breivik hos Statsforvaltaren har stor forståing for at travle bønder ikkje prioriterer å fjerne piggtrådgjerde som ikkje er skadd eller ulovlege, men håpar at prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021» vil få bønder til å fjerne piggtråden.

– Dette er eit overskotsprosjekt, men me håpar at tilskot vil motivere bøndene til å fjerne piggtråden.

Statsforvaltaren i Rogaland freistar med ei timelønn på 330 kroner (utan bruk av traktor) eller 600 kroner (med bruk av traktor) per arbeidstime for å fjerne piggtråden.

– Eg må sjå kva eg får tid til, men eg må sjå om eg får tak i nokre ungdommar som kan gjere jobben i sommar. Då kan vi kanskje få fjerna piggtråden, seier bonde Leiv Velle Aareskjold.

Forbudt å bruke siden 2010, men fremdeles i salg. Nå ønsker myndighetene å få piggtråden bort fra norsk natur.

Denne kveilen fann bonde Leiv Velle Aareskjold inne i eit av driftsbygga. Han kunne levera han inn ubrukt.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK