NRK Meny

BØNDENE PÅ HAUGALANDET TENTE MEIR:

Bøndene på Haugalandet og Sunnhordland tente gjennomsnittleg 47.000 kroner meir i 2014 enn i 2013. Dette syner dei endelege tala til 239 gardsbruk som Tveit Regnskap AS fører rekneskap for. Det var spesielt mjølkeproduksjonen som auka, men ein varm sommar førte til ein oppgang også for grisebøndene. Då grilla folk nemleg meir enn vanleg, og salet av grisekjøt gjekk opp.