NRK Meny
Normal

Bonde sjokkert over pingvinhysteriet

Bonde Arne Braut på Jæren er sjokkert over den store mediemerksemda pingvinsaka i Ålesund har fått. Dyrevernar Kari Mills kunne ikkje vore meir ueinig.

Pingvin Atlanterhavsparken/ Arne Braut

Saka om dei sakna pingvinkyllingane frå Atlanterhavsparken i Ålesund har i fleire dagar prega nyheitsbilete i Noreg. Bonde Arne Braut på Jæren meiner alle mediemerksemda er ubegripeleg.

Foto: Lena Høyberg/NRK

– Eg klarer ikkje å forstå kvifor saka skal få slike dimensjonar. Folk og barn druknar i Middelhavet og millionar av folk svelt i hel rundt om i verda. Då er det ubegripeleg at saka får slik merksemd, er den klare meldinga frå bonde Arne Braut.

Saka om dei sakna pingvinkyllingane frå Atlanterhavsparken i Ålesund har i fleire dagar prega nyheitsbilete i Noreg.

På nrk.no har saker om dei små dyra blitt langt meir lest enn store utanrikssaker og politiske saker.

– Trivielt og merkeleg

Minnestund for hunden Tønes i Hellestø

Minnemarkering for den skotne hunden Tønes i fjor. Saker som dette viser at folk har meir sympati for fine dyre enn menneske, meiner bonde Arne Braut.

Foto: Fredrik Refvem, Stavanger Aftenblad / NTB scanpix

Det er godt kjent at saker om dyr engasjerer. Historia om hunden Tønes, som blei skoten av ein bonde på Jæren i fjor, er for eksempel tidenes med leste sak på nettsidene til Rogalands Avis. 1000 menneske møtte til minnemarkering, og i ettertid kom debatten om hundeliv er like viktig eller viktigare enn eit menneskeliv.

Bonde Braut meiner pingvinsaka føyer seg inn i rekkja av slike saker.

– Folk har mykje meir sympati for vakre skapningar som pingvinar, hundar og kattar enn folk. Samfunnet blir meir amerikanisert og me leitar etter ting som vekkjer gode vibrasjonar i oss. Det er noko trivielt og merkeleg over heile fenomenet, seier bonden.

Vil ha fram fleire dyresaker i media

1.	Kattekvinnen. I 40 år har Kari Mills (67) kjempet kattenes sak i Stavanger.

Kari Mills er svært ueinig med bonde Arne Braut som meiner pingvinsaka i Ålesund har fått for stor merksemd.

Foto: Sindre Leganger / NRK

Den profilerte dyrevernaren Kari Mills i Stavanger er av ei heilt anna oppfatning. I 40 år har ho kjempa for at kattar skal ha det bra. Ho synst ikkje pingvinsaka har fått for stor merksemd i norske medium.

– Det bør heller bli sett større søkelys på saker som handlar om dyremishandling eller vasskjøtsel, slik at folk blir meir merksame på dette. Det blir veldig feil å samanlikna ulukkene i Middelhavet med ein dyretragedie som den i Ålesund, meiner Mills.

Dyrevernaren påpeikar at dyra ikkje har nokon til å forsvara seg.

– Det er tragisk dersom dette skal bli ledd av. Eg må berre rosa media for å gi saka såpass mykje omtale. Dette viser at media har makt, og eg skulle ønska at saker som dette kom meir fram i media slik at dyrevelferda blir betre.

Bonde Arne Braut lever til dagleg med dyr og seier han har respekt for det levande.

– Eg ler ikkje av dyra, men av dimensjonane saka har fått.