NRK Meny
Normal

Bonde sa han ikkje hadde lufta dyra på 36 år

Ein bonde i Rogaland har ikkje gitt husdyra sine tilgang på mosjon, på beite eller luftegard trass i fleire varslar frå Mattilsynet. Nå kan han venta seg ei bot på 50.000 kroner.

Landbruk på Jæren.

I ei førehandsvarsel til bonden karakteriserer Mattilsynet saka som «et alvorlig brudd på regelverket». Overfor NRK avviser bonden at han ikkje har lufta dyra på 36 år. Bilete er eit illustrasjonsfoto og har ingenting med saka å gjere.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Då Mattilsynet og dyrevernsnemnda var på tilsyn hos bonden på seinsommaren i år, var alle storfe i dyrehaldet inne i fjøset.

Bonden opplyste til Mattilsynet at ingen dyr hadde vore ute på beite eller i luftegard i 2017. Samstundes opplyste bonden det ikkje hadde vore nokon dyr ute på beite i besetninga sidan 1981 – altså på 36 år.

Bonden har fått gjentekne pålegg om å lufta dyra dei siste to åra. Men trass i dette har ikkje dyra vore ute. Det gjeld både mjølkekyr, gjeldkyr og ungdyr.

I ei førehandsvarsel til bonden karakteriserer Mattilsynet saka som «et alvorlig brudd på regelverket» og varslar ei bot på 50.352 kroner til bonden.

Bondelaget: – Vår jobb å følgja regelverket

Bonde Marit Epletveit

Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, meiner saka er uheldig for omdømmet til bøndene.

Foto: Mari Friestad / NRK

Saka får Rogaland Bondelag til å reagera:

– Dette er synd. Me har ei forskrift om storfehald som seier at alle storfe skal sikrast fri bevegelse og mosjon i minst åtte veker. Då er det vår jobb å følgja det regelverket, seier leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit.

Ho meiner saker som dette kan svekka omdømmet til bondestanden.

– Dette er ikkje bra for vårt omdømme. Dei fleste driv veldig bra og følgjer regelverket, men det vil alltid vera nokre få unntak. Det er synd for næringa, meiner Epletveit.

Overfor NRK avviser bonden at han ikkje har lufta dyra på 36 år. Ut over det vil han ikkje kommentera saka.

Dette seier lova

I forskrifta om velferd for storfe § 10 står det om mosjon og beite:

«Storfe skal sikres mulighet for fri bevegelse og mosjon på beite i minimum åtte uker i løpet av sommerhalvåret.»

For lausdriftsfjøs bygde før 1. januar 2014 er monsjonskravet for mjølkekyr innfridd ved tilgang på luftegard. Lausdriftsfjøset til den aktuelle bonden er bygd før denne datoen, men planar om luftegard har ikkje blitt gjennomført sidan dette blei eit krav i 2014.

– Har handla med forsett

Mattilsynet meiner bonden har handla med forsett og med det vore klar over at den manglande luftinga er i strid med regelverket.

Tilsynet meiner vidare at det er skjerpande at mosjonskravet er brote for ein stor dyreflokk (heile besetninga, med unntak av spedkalvar) og at dyra ikkje har vore ute sidan 1981.

Mattilsynet skriv i brevet: «Vi mener at du på denne måten har fratatt dyra dine et vesentlig velferdsgode. Mosjon og beite bidrar til økt trivsel for dyra».

Tilsynet meiner bonden har hatt god tid til å imøtekomma kravet frå 2014 om luftegard for lausdriftsfjøs og at han har hatt økonomiske fordelar ved å ikkje bygga ein slik garde.

Dei meiner også beite til ungdyr og gjeldkyr burde vore uproblematisk.

Mattilsynet ønsker ikkje å kommentera saka ut over det som står i brevet.