Hopp til innhold

Border collien Bella redda bondens liv

I fire og ein halv time låg bonden Erlend Kvinnesland klemt under ein kraftfôrsekk på 800 kilo. Redninga blei hunden Bella som tilkalla hjelp.

Bella og Erlend Kvinnesland

– Det er vanskeleg å seia kva som gjekk føre seg inne i hovudet til Bella, men ho forstod at det var noko som ikkje stemde, fortel bonde Erlend Kvinnesland.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg følte eg måtte ta sats for kvart innpust, fortel Erlend Kvinnesland frå Karmøy i Rogaland.

Bonden skulle berre hente kraftfôr til dyra då ulukka skjedde ein ettermiddag like før jul i fjor.

Dei 800 kilo tunge kraftfôrsekkane som var stabla i høgda, byrja å røra på seg. Men grunna støy frå firhjulingen hans, merka ikkje Kvinnesland det i tide.

– Eg blei fanga før eg rakk å reagere. Den trefte meg litt uheldig.

Erlend Kvinnesland

Erlend Kvinnesland skulle berre henta ei ny forsyning med kraftfôr då ulukka skjedde i desember i fjor.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Han blei slengt i bakken av sekken, som trefte han mellom hovudet og nakken. I fire og ein halv time låg bonden i klem på det kalde betonggolvet.

– Eg tok i det eg klarte, men sekken ville ikkje rikka seg. Eg følte berre det blei tettare og tettare rundt hovudet, fortel bonden.

Trudde det var slutten

Kvinnesland var ute og arbeidde, og hadde med seg tre av hundane sine. Mens han låg der forsvann den eine hunden etter den andre, men Bella blei verande hos matfar.

Erlend Kvinnesland og Bella

Ulukka i desember har skapt eit ekstra sterkt band mellom dei to.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er vanskeleg å seia kva som gjekk føre seg inne i hovudet hennar, men ho forstod at det var noko som ikkje stemde.

Bonden låg fastklemd på golvet, utan å vite om redninga var nær.

– Eg tenkte alle moglege tankar. På eit tidspunkt trudde eg at dette var slutten, fortel Kvinnesland.

Då tida byrja å renne frå han, skjedde det som ingen hadde trudd var mogleg.

Det var ein usannsynleg redningsaksjon på trappene.

Tre gode hjelparar

Men korleis skulle Bella redda matfar? Redninga var nærare enn først venta.

Galopperande nedover grusvegen starta Bella jakta på hjelp.

Ida Haaland

Ida Haaland reagerte umiddelbart då hunden Bella kom bjeffande.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Hunden til Erlend kom springande mot meg. Ho bjeffa høgt, fortel Kvinneslands nærmaste nabo, Ida Jo Haaland.

Ho sto i vegkanten, og reagerte på måten Bella oppførte seg på.

– Bella reiv og sleit i nokre plastbitar like ved meg. Det var akkurat som om ho ville fortelja noko.

Utan å skjønna heilt kva det var Bella prøvde å kommunisere, så tok Haaland affære.

Ho lirka mobilen ut av lomma, søkte opp kona til bonden, Hilde Elin Kvinnesland, og sende ei melding:

«Har ein av hundane rømd?»

Kort tid etter fekk ho svar.

Såg faren ligga nedkjølt på betonggolvet

Hilde Elin og dotter Astrid var på veg heim i bil, då meldinga frå naboen tikka inn.

Mens mora parkera bilen i tunet, sprang Astrid for å sjekke kva faren heldt på med.

Astrid Kvinnesland

– Det var ikkje eit kjekt syn, fortel dottera til Erlend Kvinnesland, Astrid Kvinnesland.

Foto: Thomas Halleland / NRK

På betonggolvet låg bonden med ein 800 kilo tung sekk over seg.

– Det var ikkje eit kjekt syn, fortel Astrid Kvinnesland.

Ho tenkte raskt, og greip fatt i den første kniven ho såg.

– Eg kutta fleire store hol i sekken, slik at fôret skulle renna ut.

Kraftig nedkjølt og redusert blei han redda av hunden Bella, ein snarrådig nabo og dottera.

Bella

Border collien Bella varsla den nærmaste naboen om ulukka. Slik starta redningsaksjonen på Karmøy.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Rekordlågt tal på dødsulykker

Denne historia kunne enda på verst tenkeleg måte, men det enda godt på familiegarden på Karmøy. I 2017 var det berre tre dødsulykker i landbruket i Noreg.

Ifølge Arbeidstilsynet er det historisk låge tal.

Kvinnesland slapp skrekken med ei natt på sjukehus før han fekk komma heim igjen.

– Eg søv god om natta og føler meg sterk i kroppen, fortel han.

To månader etter den skjebnesvangre dagen på garden er Erlend Kvinnesland tilbake i arbeid, og ved godt mot.

– Det har vore terapi for meg å komma tilbake i arbeid. Det blei ein lykkeleg slutt, avsluttar bonden.