Bomtakstar vedtatt

Styringsgruppa for Bymiljøpakken på Nord-Jæren vedtok i formiddag at det skal koste 44 kroner å passere dei nye bomstasjonane på dei dyraste tidspunkta. I dei mindre travle tidspunkta skal det koste 22 kroner. Prisen skal gjelde i eit år, men kan bli auka neste haust i takt med prisstigning, eller dersom talet på elbilar blir større enn rekna med.