Hopp til innhold

Bomproblem i Salhusveien

Dei som bur langs den einaste vegen som ikkje er bompengebelagt i Haugesund, ber om lågare fartsgrense.

Skilt
Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Etter at bomringen på Haugalandet blei opna den 1. juli, så er Salhusveien i Haugesund, den einaste vegen å kjøra for å unngå bomavgifta.

I Salhusveien er ikkje bomstasjonen klar før til hausten, og nå merkar dei som bur der at trafikken tar seg kraftig opp i nabolaget.

I eit brev til ordføraren ber dei om at kommunen gjer eit hastevedtak om å setje fartsgrensa ned frå 50 til 40 kilometer i timen.

Fungerande ordførar Sven Olsen seier Salhusveien har høgaste prioritet, men han er tvil om noko kan gjerast før på ettersommaren..