NRK Meny
Normal

400 millionar bompengekroner står ubrukte på konto

Viss du trudde at bompengane du betalar går rett inn i vegprosjekt tar du feil. Hos Nord-Jæren bompengeselskap hopar nemleg pengane seg opp på ein bankkonto med fleire hundre millionar kroner. Det siste året har kontoen dobla seg.

Bomstasjon

I fjor betale bilistane på Nord-Jæren 416 millionar kroner i bompengar, under halvparten av desse millionane blei sendt vidare til bruk hos Statens vegvesen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Håkon Rege

Ordfører i Sola meiner at bilistane bør kunna forventa at bompengane raskt går inn i vegprosjekt.

– Når bilistane betalar inn bompengar forventar dei å få noko igjen fortare enn det som nå skjer. Dette er ikkje haldbart, seier Sola ordførar Håkon Rege (H).

Under halvparten til vegprosjekt

Han gjer ein treg og byråkratisk prosess skylda for at innbetalte bompengar hamnar på boka til bompengeselskapet.

I fjor betale bilistane på Nord-Jæren 416 millionar kroner i bompengar, under halvparten av desse millionane blei sendt vidare til bruk hos Statens vegvesen.

Resten gjekk til bankkontoen til Nord-Jæren bompengeselskap, ein konto som nesten har dobla seg det siste året. Nå står det 432 millionar kroner på kontoen.

Forseinkingar hos Statens Vegvesen

Ei kraftig auke som også uroar bompengeselskapet, seier styreleiaren og Sandnes-ordførar Norunn Østråt Koksvik (H):

– Folk byrjar jo å lura når me ein periode sit på så mykje pengar som 400 millionar kroner, seier ho.

Ho understrekar at bompengeselskapet ikkje har noko innflytelse på verken satsar eller kva prosjekt som skal ha pengane.

Ho sender derfor spørsmålet vidare til Vegvesenet. Der forklarar avdelingsdirektør i Rogaland, Astrid Eide, at forseinka prosjekt er ein del av skulda for dei ubrukte pengane.

Bilistane sine pengar

Norunn Østråt Koksvik

Norunn Østråt Koksvik er styreleiar i Nord-Jæren bompengeselskap, men seier at det er vegvesenet som avgjer til kva og når dei skal henta ut pengar.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Ho peiker også på at omlag halvparten av pengane på bok er pengar bilistane skal ha tilbake, i form av depositum og førehandsbetalte passeringar, dersom bompengeperioden ikkje blir forlenga etter 2011.

Derfor kan ikkje desse pengane rørast før Stortinget seier ja til å forlenga perioden.

Ei forlenging av bompengeperioden er noko både kommunane og fylkeskommunen vedtok i fjor haust. Men eit vedtak i Stortinget er ikkje venta før til hausten, altså eit år seinare.

– For treigt, meiner både Norunn Østråt Koksvik og Håkon Rege:

– Det burde vore kurant for ein ministar å stempla ok på søknaden om forlenging slik at desse pengane også kunne bli brukt, seier Rege.