Styreleiar Fredrik Wendt i bomselskapet seier at bilistane sjølve må kompensere for timane som går tapt med bompengeinntekter under aksjonane. Wendt er styreleiar i Tungenes ferjeterminal som krev inn pengane i Rennfast.
- Aksjonane fører berre til at vi må halde på lenger med å kreve inn dei pengane som Stortinget og depertementet har pålagt oss å innkreve, seier Wendt.
Wendt veit ikkje kva konsekvensar aksjonane får, men dersom det betyr tap i inntekter for bomselskapet så må pengane takast inn pånytt.
Griper ikkje inn foreløbig
- Det er ingen dramatikk i dette her, seier Wendt. Han vil ikkje kommentere om det er nødvendig å gå hardare til verks for å få slutt på aksjonane.
- Eg får ta opp dette med Vegvesenet og eventuellt politiet når eg kjem tilbake frå påskeferie, seier Fredrik Wendt, styreleder i Tungenes ferjeterminal.