Ein foreløpig avtale om kommunesamanslåing mellom Tysvær og Bokn er nå klar. Bokn får behalda kommunevåpenet, men ellers misser dei både namnet og kommunesenteret til Tysvær og Aksdal.
Likevel er avtalen grei, seier ordførar I Bokn, Svein Ove Alvestad.
- Mi meining er at det er eit bra utkast til avtale, seier han.
Tysvær blir namnet
Namnet på nykommunen blir i tilfelle Tysvær og kommunesenteret blir Aksdal. Men kommunevåpenet blir altså steinrøysa til Bokn og ikkje hegren til Tysvær.
Bokn med sine mindre enn tusen innbyggjarar får også behalde dei mest vesentlege tenestetilbod innan pleie, skule, Sfo og barnehage. I tillegg til statlege hjelpeordningar, byggesaker og landbrukskontor. Bokn skal få over fire millionar til å utvikle sin del av kommunen og det skal byggjast nærmiljøanlegg til mellom 15 og 20 millionar, seier Alvestad.
- Det blir eit kultur- og idrettsbygg me vil få til, seier Alvestad.
Folkeavstemning komande haust
Det er ennå langt fram. Kommunestyret i Bokn skal diskutera utkastet den 13. desember. Og uansett skal det haldast folkeavstemning komande haust.
Tysvær formannskap skal behandla avtaleutkastet i dag og det går truleg greitt gjennom, sjølv om dei misser hegren som kommunevåpen, seier ordførar Reidar Pedersen.
- Ja, det er ofte slike ting det er knytta følelser til, seier ordføraren, men me skal klara å leva med det.