NRK Meny
Normal

Kan bli «regnvêrsval» for SV

Valet i 2011 var dårleg for SV over store delar av landet. I Rogaland klarer dei ikkje å stille liste i 10 kommunar denne gongen, og dei kan få under tre prosent oppslutning i mange av dei resterande kommunane.

Førstekandidat for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen

Førstekandidat for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, ser etter lyspunkt for partiet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Valglogo

I SV sine lokale på Nytorget i Stavanger, er dei ferdige med å planlegge.

– Nå skal me gjennomføre planane våre og sørge for at me skil oss ut frå dei andre partia. Og heldigvis er det mange veker igjen før valdagen, seier førstekandidat for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen.

Sentrale politikarar i SV i lokala på Nytorget i Stavanger

Frå venstre: Hallgeir Langeland (tidl. stortingsrepresentant for SV). Eirik Faret Sakariassen, (1.-kandidat Stavanger), Heidi Helgadottir Leite, (2.-kandidat Stavanger), Heidi Bjerga, (1.-kandidat fylkestingsvalet i Rogaland).

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Skrapar botnen

Sosialistisk Venstreparti hadde ikkje noko godt val i 2011. Rogaland er tradisjonelt meir blått enn raudt og SV fekk hard medfart for fire år sidan.

Valet 2015 byrjar med at partiet ikkje stiller liste i 10 av 26 kommunar. Vidare veit dei frå sist val at dei hadde mindre enn 3 prosent oppslutnad i åtte andre kommunar, noko som gjer at dei kan stå i fare for å ryke ut av fleire kommunestyre.

Og om ikkje det skulle vera gale nok, så viser meiningsmålingar frå denne våren og sommaren at dei er under 3 prosent i oppslutnad i tre kommunar til. Slik at det berre er i fem kommunar i Rogaland dei kan vera rimeleg sikre på at dei kjem til å gjera eit akseptabelt val.

Regnværsval

Svein Tuastad er førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Stavanger. I tillegg er han mangeårig medlem av SV og kjenner godt til partiet både som valforskar og som veljar.

Svein Tuastad

– Det går mot eit regnvêrsval for SV, meiner Svein Tuastad, 1.-amanuensis i statsvitskap ved UiS.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Problemet for SV er at dei tradisjonelt gjer det godt når Ap har problem, seier Tuastad.

Nå er Ap på frammarsj og veljarane ser på dei som eit klart opposisjonsparti til regjeringspartiet Høgre.

– SV har det best når dei kan utfordra Ap på at dei har gått for langt til høgre, om det er i EU-saka eller i miljøspørsmål, seier Tuastad.

Det systemkritiske alternativet

Miljøpartiet Dei Grøne, MDG, er også eit problem for SV. Ifølge Tuastad utfordrar dei SV på å vera eit alternativ til dei veljarane som er kritiske til kapitalismen og som ønskjer ei skikkeleg samfunnsendring.

– Nå for tida er det miljøsaka som er lengst framme for dei som ser seg om etter ein ny måte å organisere samfunnet på. Tidlegare var det sosialistane som hadde den løysinga, men det har endra seg nå, seier Tuastad.

Det skal nok gå bra.....

I SV sine store lokale i på Nytorget, vil førstekandidaten i Stavanger helst sjå på det som kan gi vekst og framtid.

– Nå er me ute av regjering og me står friare til å forme ut politikken vår. Veljarane skal nok få sjå at SV har eit godt program, seier Eirik Faret Sakariassen.

Han har spesielt lagt merke til at to meiningsmålingar denne sommaren, begge har gitt SV høgare oppslutnad i Stavanger enn i valet for fire år sidan.