NRK Meny
Normal

Fritt fram for ugras i Egersund

Eigersund kommune har ikkje råd til blomar i sine eigne bed i Egersund sentrum. No er det fritt fram for ugraset i det som vart kåra til Norges blomeby nummer éin i 2006.

Blomelause bed i Egersund

STUSSLEG: Ein og annan einsam løvetann og litt ugras er det einaste som veks i dette blomebedet i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg synest det er for gale, for det pyntar jo opp heile byen.

– Dei kan heller spara det inn på noko anna.

– Det er veldig synd, det er det!

Folk i Egersund er ikkje nådige når dei snakkar om blomebeda i sentrum. I år treng ikkje gartnaren stella beda, fordi kommunen allereie har kutta blomane vekk frå budsjettet.

Ketil Helgevold

RÅDMANN: Ketil Helgevold er rådmann i Eigersund kommune.

Foto: Øystein Ellingnsen / NRK

– I år har me ikkje sett oss råd til å planta blomar fordi me rett og slett ikkje har dei pengane som trengst, seier rådmann Ketil Helgevold i Eigersund kommune

– Me har vore gjennom harde innsparingstiltak, og å droppa blomar i beda var eit av dei tiltaka med diverre måtte ta i vinter, som me no ser konsekvensen av, held han fram

Blomebed i Egersund

INGEN BLOMAR: ... men berre ugras.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Sentrumsforeininga tek rekninga

I 2006 vart Egersund kåra til Norges flottaste blomeby. Då samarbeida kommunen med Egersund sentrumsforeining om å gjera byen sommarflott.

Solveig Wetlesen

TEK ANSVAR: Solveig Wetlesen og Egersund sentrumsforeining heng opp 110 korger med ampler for eiga rekning.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg synest det er dumt at det vart slik i år, men har forståing for at dei har andre ting dei må bruka pengar på, seier Solveig Wetlesen, leiar i Egersund sentrumsforeining.

I år må dei pynta byen åleine. Dei heng derfor opp 110 korger med ampler på lyktestolpar i sentrum, men utgifta må dei ta sjølv.

– Me har nettopp fått rekninga for blomane, som kom på rett over 40.000 kroner. Så må me jo også betala gartnaren si rekning som kjem over sommaren.

– Men kommunen sørgjer vel for vatning?

– Naturen gjer jo mykje sjølv, men det må også gjødslast og slikt. Kommunen har trekt seg heilt ut, og me endar nok opp med ei rekning på minst 100.000 kroner. Den må me ta åleine, seier Wetlesen.

Blomebed i Egersund

TOMT: Blomane er vekke frå beda i Egersund. Kommunen seier dei ikkje har råd.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Trur det er ei prinsippsak

Gartnar Amund Holen har levert blomar og løk til Eigersund i mange år. Han slit med å forstå prioriteringane til kommunen.

Amund Holen

GARTNAR: Amund Holen skjønar lite av kommunen sine prioriteringar.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det skjønar eg ikkje heilt, for det er eigentleg så lite pengar det er snakk om. I år trur rett og slett det er ei prinsippsak frå kommunen, at dei ikkje vil bruka tid på å planta noko for å visa folk at kommunen har lite pengar, seier han.

– Kva kunne dei gjort, sjølv om dei seier at dei ikkje har råd?

– Dei kunne i alle fall fått vekk ugraset. Det er betre at det er heilt svart enn at det er ugras der, seier gartnaren.