Hopp til innhold

– Nå blir det biblå øve heila landet

Litteraturhus-sjef og tidlegare RV-leiar Aslak Sira Myhre blir ny nasjonalbibliotekar og då skal det ikkje lenger heite bibliotek.

Aslak Sira Myhre

NASJONALBIBLIOTEKAR: Aslak Sira Myhre blir ny direktør for Nasjonalbiblioteket frå hausten av.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er jo ein fantastiske jobb å få, berre tittelen er jo heilt magisk; nasjonalbibliotekar, seier Aslak Sira Myhre.

I statsråd i dag vart han utnemnd til ny direktør for Nasjonalbiblioteket, og det passer han godt.

– Eg er jo oppvaksen på biblioteket i Stavanger, biblå. Og det er jo den første forordningen som kjem til å koma frå den nye direktøren, frå no av heitar det ikkje lenger bibliotek, no skal det heite biblå over heila landet, ler Myhre.

Men det har ikkje vore draumejobben.

– Det er ei stilling som eg aldri har førespegla meg at eg skulle få, eg trur ikkje ein gong eg visste kva det var då eg var yngre.

Visjonær leiar

Aslak Sira Myhre har vore dagleg leiar for Litteraturhuset i Oslo sidan 2006. Han har også vore leiar for Foreningen! les, ein organisasjon som arbeidar for å auke barn og unge si leselyst. Han har sete i bystyret i Stavanger for Rød Valgallianse, eit parti han var leiar for frå 1997–2003.

Torhild Widvey og Aslak Sira Myre

FÅR EIN DYKTIG LEIAR: Kulturminister Thorhild Widvey (H) seier at Najonalbiblioteket no vil få ein dyktig og visjonær leiar.


– Med tilsettinga av Aslak Sira Myhre vil Nasjonalbiblioteket få ein dyktig, engasjert og visjonær leiar. Eg er trygg på at han vil meistre utfordringa med å leie ein institusjon som både skal ta vare på og formidle vår felles kulturarv og vera staten sitt organ for utvikling av folkebiblioteksektoren, seier kulturminister Thorhild Widvey (H) i ei pressemelding.


Tek vare på nasjonens minne


Som nasjonalbibliotekar, får han to hovudansvarsområder, han gler seg til å ta fatt på begge.

– Det eine handlar om nasjonens minne. Nasjonalbiblioteket tek var på at som blir publisert, ikkje berre bøker, men film, musikk, radio, aviser, postkort, plakater – alt. Det skjer i ei tid der informasjonsstraumen blir større og større, og minnet kortare og kortare. Då er det viktig at me har eit nasjonalbibliotek som samlar og digitaliserer kunnskapen, fortel oss kven me er og kor me kjem frå, seier Sira Myhre.

Den andre stolpen i jobben er å vidareutvikla biblioteka.

– Nasjonalbiblioteket har ansvar for utviklinga av norske bibliotek. Eg trur me kjem til å trenga fleire ikkje førre bibliotek i framtida, seier nasjonalbibliotekaren.

Berre utestemme

Han byrjar i stillinga til hausten, og då blir det livleg på biblioteka, eller biblå, som det skal heite no.

– Eg har berre utestemme. Men eg trur at den tida då biblioteket berre var ein stille plass, for lengst er forbi. Eg tenker at det både er ein stille plass der ein kan få sitte i fred, men også ein plass for høglydte debatter.

Men først skal han avvikle jobben som dagleg leiar for Litteraturhuset i Oslo, eit litteraturhus han har bygd opp med stor suksess.

– Eg er lei meg og har sørga over at eg skal går frå Litteraturhuset. Det har vore min baby. Men no står det sterkt, har ein god administrasjon og stabilt veldig høge besøkstal, og då er det også eit godt tidspunkt å går på, seier siddisen.

Aslak Sira Myhre tek over stillinga etter Vigdis Moe Skarstein, som gjekk av tidlegare i år. Det var fire søkarar til jobben.