Hopp til innhold

Levekårsleiar er rysta over historia til Inger Helene Endresen (90)

Leiaren for kommunalstyret for levekår i Stavanger Per A. Thorbjørnsen (V) vil rydda opp i skjulte sjukeheimskøar. Han blir likevel provosert på helse- og omsorgsministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) som kallar dette lovbrot.

Video bbf23f45-18fc-4271-a512-3ad8778d2d90.jpg

Inger Helene Endresen (90) fekk innvilga sjukeheimsplass i april, men ventar framleis. I morgon har politikarane lova at dei vil ta opp saka hennar i levekårsstyret i Stavanger etter NRK tok opp saka.

Per A. Thorbjørnsen

Per A. Thorbjørnsen (V) meiner det er lite hjelp å få frå regjeringa når det kjem til å ha råd til nok sjukeheimsplassar i kommunen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– I den eine handa veiftar ho med eit ganske uklart regelverk på området, medan ho med den andre handa snappar sjekkheftet ut av handa til Stavanger kommune, seier Per A. Thorbjørnsen til NRK.no.

Han meiner at eit nytt inntektssystem har ribba kommunen for 100 millionar kroner. Noko han seier er medverkande årsak til doble eller skjulte sjukeheimskøar i kommunen hans.

Ventar etter ho blei lovd plass

Det er ein slik kø 90 år gamle Inger Helene Endresen frå Stavanger har hamna i. Sjølv om ho fekk innvilga sjukeheimsplass i april, bur ho framleis heime fem månader etterpå.

Etter NRK laurdag fortalte om lagnaden til Inger Helene Endresen og at fleire andre også står i doble sjukeheimskøar har kritikken kome frå fleire hald.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helse- og omsorgsministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) seier at dei som har fått innvilga sjukeheimsplass skal ha dette.

Foto: NRK

Helse- og omsorgsministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen er heilt klar i saka:

– Dersom eit menneske har blitt innvilga ein sjukeheimsplass så skal dei ha det, seier ho.

Dette reagerer Thorbjørnsen på sidan han meiner at det er Regjeringa som er skuld i at kommunen har hamna i denne situasjonen:

– Med ei ny inntektsordning frå i år har Stavanger kommune mista mykje pengar, og me har måtta kutta heile 40 sjukeheimsplassar, då blir det lange køar. Og det er den totale ventetida som er relevant her ikkje kva slags form den har, seier han.

Direktøren for oppvekst og levekår i Stavanger kommune Per Haar har tidlegare sagt til NRK at han meiner kommunen held seg innanfor regelverket så lengje Inger Helene Endresen får sjukeheimsplass innan rimeleg tid. Og at det er individuelle vurderingar som avgjer kva rimeleg tid er.

Kommunen sitt ansvar

Han legg likevel ikkje skjul på at dette er kommunen sitt ansvar og han seier at det er fleire som er i same situasjon som 90 år gamle Endresen.

– Det er ein situasjon eg sjølvsagt ikkje er stolt over, og Endresen er dessverre ikkje aleine om å stå i denne type kø. Det ønskjer me å ta tak i og gjera noko med, seier venstrepolitikaren.

Han lover at dei skal behandla saka til Endresen i møtet i levekårsstyret i morgon.

Anne-Grete Strøm-Erichsen var ikkje tilgjengeleg for å kommentera kritikken frå Thorbjørnsen måndag kveld.

– Kommunen er på tynn is

Gro Snortheimsmoen Bergfjord

Gro Snortheimsmoen Bergfjord leiar i Pasient- og brukarombodet i Rogaland vil klaga saka inn til Helsetilsynet dersom Gro Snortheimsmoen Bergfjord ikkje snart får plass på ein sjukeheim.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gro Snortheimsmoen Bergfjord i Pasient- og brukarombodet i Rogaland har måndag vore å besøkt Inger Helene Endresen heime hos ho, og seier at kommunen er på tynn is:

– Regelverket er klart på at sjukeheimsplass skal bli gitt så snart det praktisk lar seg gjer etter ei tildeling.

– I tildelingsbrevet skriv endå til kommunen at ho skal få plass innan få veker, seier Snortheimsmoen Bergfjord.

Etter besøket hos den 90 år gamle kvinna seier ho at dette er ei sak ho vil kjempa for, og om det ikkje blir gitt sjukeheimsplass etter møtet i morgon vil ho klaga inn saka til helsetilsynet.