Hopp til innhold

Her ser sjåføren ingen av ungane

Her står 17 fjerdeklassingar rundt lastebilen. Frå førarhuset ser sjåføren ingen av borna. Elevane ved Vats skule i Vindafjord fekk i dag oppleva kor små og usynlege dei kan vera på skulevegen.

Elevar ved Vats skule i Vindafjord fekk i dag besøk av tre store lastebilar. For mange har trafikkert skoleveg, og er slett ikkje klar over kor farlege tunge køyretøy kan vera.

SJÅ VIDEO: Elevane, slik dei står her, blir usynlege for sjåføren.

– No ser dei oss ikkje. Kva kunne skjedd, dersom dette hadde vore eit gangfelt? spør Andre Håheimsnes, sjåførlærar ved Sauda vidaregåande skule.

– Me kunne blitt påkøyrde, og kanskje hamna på sjukehuset eller døydd, svarar ein av elevane som står rett framfor lastebilen.

I dag fekk fjerdeklasse ved Vats skule i Vindafjord besøk av tre store lastebilar. Målet for dagen var å læra dei små om kor viktig det er å vita om dei blindsonene ein lastebilsjåfør har.

– Slik som i dag, når me har utstyret her, så er det enklare å sjå det enn å fortelja om det. Når me får sjanse til å visa det, og når me får til å setja ein heil skuleklasse i blindsona, utan at sjåføren ser det, så trur eg det er ein oppkvikkar, seier Håheimsnes.