Hopp til innhold

Blinde og svaksynte saknar telefon-opplæring

Norges Blindeforbund i Rogaland reagerer på manglande opplæring i bruk av smarttelefon for blinde og svaksynte. I eit brev til alle kommunar i fylket ber dei om svar på kva opplæring som blir tilbydd.

Hundetrener trener hunden Abbe for Norges Blindeforbund

Blinde og svaksynte brukar smarttelefon via talestøtte. Dette krev grundig opplæring, ifølge Blindeforbundet. Illustrasjonsfoto.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

Dei siste åra har smarttelefonane tatt meir og meir over for dei tradisjonelle mobiltelefonane. Smarttelefonane er blitt viktige verktøy i kvardagen, for eksempel når du skal inn i nettbanken, betala bussbilletten eller kommunisera via sosiale medium.

Problemet for blinde og svaksynte er at smarttelefonar ikkje er definert som hjelpemiddel. Det betyr at dei ikkje får telefonane frå Nav Hjelpemiddelsentralen, og heller ikkje opplæring.

Ingen tar på seg opplæringa

Odd-Geir Helgeland

Styreleiar i Blindeforbundet Rogaland, Odd-Geir Helgeland.

Foto: Privat

I eit brev til alle kommunar i fylket skriv Blindeforbundet Rogaland: «Samtidig som vi blir mer og mer avhengig av telefonen vår for å fungere i hverdagen, har ikke de synshemmede den samme muligheten. Ingen offentlig instans har tatt på seg denne opplæringen.»

I brevet ber blindeforbundet kommunane svara på kva opplæring dei tilbyr.

– Utfordringa vår er at me må læra å bruka smarttelefonen på ein heilt annan måte enn folk med normalt syn. All betjening av telefonen skjer gjennom talestøtte og dette må lærast, forklarer styreleiar i Blindeforbundet Rogaland, Odd-Geir Helgeland.

– Burde vore offentleg oppgåve

Han lærte sjølv å bruka smarttelefon for tre og eit halvt år sidan gjennom eit kurs i regi av blindeforbundet. Men behovet er større enn kva forbundet kan dekka. Dei seier sjølv dei heller ikkje har kapasitet eller økonomi til å auka frekvensen på kursa.

– Smarttelefonen er så viktig nå at me treng påfyll heile tida, slik at me kan bruka den best mogleg, seier Helgeland.

Odd Petter Berntsen

Avdelingsdirektør for Nav Hjelpemiddelsentralen Rogaland, Odd Petter Berntsen.

Foto: Nav

Blindeforbundet meiner det burde vore ei offentleg oppgåve å driva telefon-opplæring for synshemma og viser til opplæringslova.

– Det skortar på opplæringa i veldig mange kommunar. Derfor har me gitt dette innspelet. Håpet er at flest mogleg kommunar kan gjera desse oppgåvene lokalt.

Ber kommunane ta ansvar

Nav Hjelpemiddelsentralen stadfestar at dei ikkje leverer smarttelefonar som hjelpemiddel. Dei har derfor heller ingen oppfølging eller opplæring på dette, slik det var på tidlegare mobiltelefontypar.

Avdelingsdirektør for Nav Hjelpemiddelsentralen Rogaland, Odd Petter Berntsen, ber kommunane ta ansvar.

– Det er viktig at blinde og svaksynte får ta del i den teknologiske utviklinga. Mi oppfordring er at kommunane tar bekymringsmeldinga på alvor og bidrar til at blinde og svaksynte får ein betre kvardag.