– Blinde blir isolerte utan støtte til transport

Vibeke Kaarstad er blind og sit i rullestol. Ho er avhengig av transport for å få kvardagen for seg sjølv og sonen på åtte år til å gå opp, men ho får berre 250 kroner i veka til drosje. Blindeforbundet reagerer.

Vibeke Kaarstad

Vibeke Kaarstad er blind, og sit i rullestol etter eit brot i hofta Det gjer at ho ikkje kan køyre bil.

Foto: Rikke Lunde Andersen / NRK

– På måndagen er han på stuping og på torsdagen går han på symjing, seier Vibeke Kaarstad om sonen Nicolai.

Dei fleste foreldre veit at det kan vera vanskeleg å få kvardagskabalen til å gå opp. Men for Vibeke kjem det i tillegg ei ekstra utfordring. Ho er blind og kan difor ikkje køyre Nicolai på treningar og i bursdagsselskap.

Får 250 kroner i veka til transport

Fordi ho er blind får ho pengar gjennom tilrettelagt transportordning. Taxi-pengane som ho får svarar til 250 kroner i veka. Det skal dekke all transport ho har behov for. Men beløpet er ikkje nok til at ho og Nicolai kan reise til og frå trening.

– For meg som mor er det jo veldig trist. For eg har jo berre den eine turen i veka som blir dekka. Det betyr at det som kjem utanom må eg anten betale sjølv, eller så må eg ta buss. Om det er bursdagsfeiringar må eg gjerne rundt til folk eg kjenner og spør om dei kan ta han med, seier Vibeke.

Vibeke og Nikolai påvei til å hente post

Sonen Nikolai hjelper Vibeke med å hente post.

Foto: Rikke Lunde Andersen / NRK

– Ordninga er ikkje god nok

– Eg blir veldig lei meg og fortvila over at det er sånn, seier Sverre Fuglerud.

Han er seksjonsleiar for informasjon og samfunnskontakt i Blindeforbundet, og han har høyrt mange historier som Vibeke si. Han meiner at dagens transportordning ikkje er god nok.

– Hovudproblemet med dagens ordning er at mange funksjonshemma blir isolerte heime. Ein kan jo berre tenke seg sjølv viss du ikkje kunne ha vore med på det som er det viktigaste i livet ditt, kva det ville gjort med kvardagen din, spør Fuglerud.

Sverre Fuglerud

Sverre Fuglerud er seksjonsleiar for informasjon og samfunnskontakt i Blindeforbundet.

Foto: Ingvild Ytre-Arne Fjelltveit / NRK

I dag er det opp til kvar enkelt fylkeskommune å avgjere kor mykje taxipengar blinde og funksjonshemma får.

– Det er veldig ulike nivå rundt om i landet, men gjennomgåande er dei altfor dårlege. Me ynskjer oss ei nasjonal ordning som er lik over heile landet, seier Fuglerud.

Positiv til ei nasjonal ordning

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvar for Vibeke Kaarstad sine taxipengar.

Ellen Solheim i samferdselsutvalet meiner ordninga slik den er i dag, fungerer godt.

– 250 kroner høyrest jo ikkje veldig bra ut, men me har gradert dei brukarane som får støtte til transport, og dei som har størst behov får mest, seier Solheim.

Ellen Solheim i NRKs lokaler i Stavanger

Ellen Solheim frå KrF er medlem av samferdselsutvalet i Rogaland fylke.

Foto: Inger Johanne Stenberg

Ho trur likevel at ei nasjonal ordning kan vera ei god løysing.

– Eg er open for alt. Det er klart at om Blindeforbundet kan få til ei betre nasjonal ordning, så hadde jo eg og villa ønska ei slik ordning om eg var medlem av forbundet, seier ho.

– Skulle ønskje eg ikkje var blind

Denne dagen er det mormor som må køyre Nicolai til trening, fordi dei få taxi-turane Vibeke har råd til må brukast til dei tyngste turane.

– Eg bruker jo førarhund, så når eg skal kjøpe hundemat så tar eg to bussar, og så tar eg drosje derifrå fordi eg ikkje greier å bera ein 15 kilos sekk på bussen, seier Vibeke.

Og det er ikkje berre Vibeke som merker behovet for meir transport.

– Det er jo klart at Nicolai også blir sliten av dette. Han er åtte år og har halde på med dette heilt sidan han var liten. Han seier at han skulle ønskje at eg ikkje var blind, for då kunne eg ha køyrt bil.