Hopp til innhold

Bli med på Lysefjord-cruise med Salthammer

Sjå TV-innslaget frå 1995 – då André Salthammer guida turistar på engelsk, tysk og norsk gjennom Lysefjorden.

Sjå TV-innslaget frå 1995 – då Andrè Salthammer guida turistar på engelsk, tysk og norsk gjennom Lysefjorden.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i TV Rogaland 21. juni 1995. Reporter var Hilde Torgersen og fotograf var Rolf Marnburg.

André Salthammer sitt gode humør og livlege forteljeevne gjorde sommarcruiset i Lysefjorden til ei minnerik ferd for alle som blei med. I 1995 blei også NRK Rogaland med på ferda, og foreviga mannen som har blitt omtala som sjølve personifiseringa av MF «Lysefjord».

Her er artige historier, blide turistar og ein natur som viser seg frå si beste side i strålande sol.

André Salthammer døydde i 2000, han var då 49 år gamal.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK