Hopp til innhold

Bli med på Frode sin 59. tur til Preikestolen i år!

Dei fleste nøyer seg med ein eller kanskje to turar til Preikestolen i løpet av livet. Frode Grøtteland var stor i kjeften og sa han skulle gå 100 turar opp til den populære turistattraksjonen i år. Som sagt, så gjort!

De fleste nøyer seg med en eller kanskje to Preikestolturer i løpet av livet. Men når man taper veddemål kan de åtte kilometrene tur retur fort bli mange hundre.

SJÅ REPORTASJEN: Frode Grøtteland kjenner kvar stein på vegen til Preikestolen.

– Eg var tåpeleg å seia at eg skulle gå 100 gonger. Har eg sagt det, då må eg fullføra, seier Frode Grøtteland på veg opp til Preikestolen på hans 59. tur.

Innan september må han vera ferdig. I vår byrja han med ein tur for dagen, men det er ikkje nok om han skal klara målet sitt.

– Så no går eg stort sett tre turar for kvelden, seier Grøtteland.

Frode Grøtteland på Preikestolen
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK