Hopp til innhold

Bli med på arkeologanes første djupdykk

Kva finst på botn av hamneområda i Stavanger? Og kva kan dette seia oss om livet her for mange, mange år sidan? I løpet av den neste månaden kan me kanskje få nye svar.

Undersøker havbotnen i Stavanger.

VIDEO: Sjå tv-reportasje frå då arkeologar starta undersøkingar av havbotnen i Stavanger.

Tysdag starta nemleg tidenes første arkeologiske undersøking av havbotnen i Stavanger.

I føremiddag dykka arkeologane ned i hamna, og den neste månaden skal store område bli undersøkt.

– Her håpar me å finna spor etter kor hamna har vore før. Det kan vera båtar som har vore til oppankring eller som har lossa der ute. Dei kan ha kasta ut gamle koke- eller steikekar, det kan vera lær etter lærarbeidet og er me skikkeleg heldige finn me ein gammal utrangert båt som har sokke ein plass der ute, seier marinarkeolog Arild Skjæveland entusiastisk.

– Veldig spanande

Arild Skjæveland

Marin-arkeolog Arild Skjæveland.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Han kommuniserer med dykkarkollegaen 17 meter under oss, der me sit i ein gummibåt utanfor Holmen i Stavanger sentrum og lurer på kva ein kan drøyma om å finna der nede.

– Dette blir veldig spanande, kommenterer Skjæveland.

Stavanger kommune tenker tanken om fleire bustadar og fleire arbeidsplassar på Holmen. Men ein kan ikkje starta med den typen utbygging utan å ta med seg historia.

– Då må me ut i sjøen og vita om det er arkeologiske forhold me må ta omsyn til, seier prosjektleiar i Stavanger kommune, Tor Brynjar Welander.

Ti år frå plan til gjennomføring

Tor Brynjar Welander

Tor Brynjar Welander, prosjektleiar i Stavanger kommune.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Han håpar kommunen får eit godt avgjerdsgrunnlag til å kunne gå vidare med planane.

– Kor langt fram i tid tenker du det vil sjå totalt annleis ut her?

– Det kan ta noko tid, spesielt i område kor me skal gjera mange kompliserte ting slik som i ei utfylling som dette. Ofte tar det gjerne ti års tid frå ein planlegg på dette nivået til ting blir gjennomført.

Det var flest bildekk, og lite keramikk å finna på havbotnen tysdag. Men nå skal arkeologane jobba under vatn ut februar månad. Dersom det dukkar opp noko spanande, blir det presentert på Stavanger maritime museum.