Eit av desse ti orda er det beste dialektordet i Rogaland

Er «løye», «basjen» eller «tåligt» det beste ordet i Rogaland? No skal me finne ut kva rogalendingen likar best å seie! 700 forslag har no blitt ti.

Rogalands beste dialektord

Marius frå Haugesund har «å ausa båten» (å tisse) som sitt favorittuttrykk.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / Ruth Einervoll Nilsen / NRK

Du veit du er frå Rogaland når ... du tygg «tyggi», tørkar «snått» og roper «hekkan» når noko går gale.

Lista over «jysla goe» uttrykk er lang – og saman skal me kome fram til dykkar favorittord frå Rogaland.

Onsdag 12. februar er den store finalen – og folk i Rogaland er dommarane. Det blir mogleg å stemme både på nett (nrk.no/rogaland) og på SMS i radiosendinga “Lokalen” i P1 frå 14.00 om ettermiddagen.

Litt over 16.00 er rogalendingen sitt favorittord klart!

Dialektord frå Rogaland

Oddrun Lund, Karin Froestad Stølsmark og Vigdis Ellingsen med sine favorittord.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Dialekt er identitet

– Me er nesten meir opptatte av dialektar enn me er av plassar og den fysiske historia vår, seier målmann og forfattar Terje Torkildsen.

Terje Torkildsen

Dialektentusiast og forfattar Terje Torkildsen er ein av initiativtakarane.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Han er med i Rogaland mållag, som feirar 100-årsjubileum i mars. Dei ville markere feiringa på rogalandsk vis, og spurde om NRK Rogaland ville bli med.

Løysinga blei kåringa av det beste dialektuttrykket.

– Dialekt er noko som markerer identiteten vår. Interessa for språk i Rogaland og Noreg er veldig stor, seier Torkildsen.

Sjå kva ord folk håpar vinn her:

Du kan stemme på topp ti!

Då me opna for ord-nominasjonar, fekk me over 4000 bidrag frå dykk. Over 700 forskjellige uttrykk blei sendt inn.

Fem lokale juryar i Dalane, Jæren, Nord-Jæren, Ryfylke og Haugalandet har funne fram til de ti beste dialektorda frå kvar region.

No har lista blitt kortare.

7. februar møttest ein hovudjury, som fekk inn 51 ord. Desse skulle ned til ei topp ti-liste som alle kan stemme på. Eigentleg fekk dei inn 50 ord, men ordet «løye» har blitt kvotert inn, ettersom det var den store publikumsfavoritten.

I juryen var direktør i Språkrådet, Åse Wetås, dialektforskar Jan Hognestad, artist Britt-Synnøve Johansen og representant frå mållaget, Terje Torkildsen.

Dette var Jæren-juryen sine ti favorittar:

Kva har Rogaland til felles?

Frå 1. januar var Rogaland eitt av fire som bestod som eige fylke. Mållaget synest det er interessant å finne ut om det finst noko felles rogalandsk i språket vårt.

– Eg trur samtidig at folk er opptatt av det veldig lokale ved dialekta si, seier Torkildsen.

– Korleis du snakkar kan markere forskjellen på den eine eller andre sida av fjorden, på by eller land, eller nabokommune til nabokommune, seier Torkildsen.