Hopp til innhold

Bli med 6000 meter inn i Ryfylketunnelen

Ryfast skal først stå klar i 2019. Men alt i dag får publikum moglegheita til å vera med inn i Ryfylketunnelen.

Bygginga av Ryfylketunnelen er i full gong.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut inne i Ryfylketunnelen.

Ryfast er eitt av Norges største vegprosjekt, som vil resultera i ein fergefri vegforbindelse mellom Ryfylke og Nord-Jæren.

Ein av dei tre tunnelane som utgjer dette prosjektet er Ryfylketunnelen. Den blir 14,3 kilometer lang, og skal gå frå Hundvåg i Stavanger, til Solbakk i Strand.

Bygginga av den undersjøiske tunnelen starta for tre år sidan. På Hundvåg-sida har tunnelen no ein lengde på seks kilometer. Etter planen skal den stå ferdig i 2019.

– Det går veldig greit. Me har den framdrifta som me har planlagt, seier assisterande byggleiar i Statens vegvesen, Ingvar Reime.

Inviterar til guida tur

Kjell-Marwin Lavik

Kjell-Marwin Lavik er prosjektleiar for AF anlegg.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Og i dag får folk flest moglegheit til å inspisera framdrifta. Hovudentreprenør AF Gruppen, arrangerar open dag mellom klokka tolv og fire. Då blir det mellom anna mogleg for folk å ta buss heile seks kilometer inn i tunnelen, frå Hundvåg-sida.

– Me skal visa naboane og andre prosjektet vårt. Og dei skal få vera med inn i tunnelen. Når me er seks kilometer inne i tunnelen er me 240 meter under havet. I tillegg skal me vise folk maskiner, og det blir matservering til alle. Så bruk denne moglegheita, seier prosjektleiar for AF anlegg, Kjell-Marwin Lavik.