Hopp til innhold

Mann stukken med kniv på Jernbanestasjonen

Blei alvorleg skadd i knivangrep på jernbanestasjonen i Stavanger i natt.

Buss- og jernbanestasjon i Stavanger. Foran er grønne Kolumbus-busser på vei til Preikestolen.

Jernbanestasjonen i Stavanger ligg til høgre for Breiavatnet i sentrum av byen.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Politiet fekk melding om knivstikkinga rundt klokka fem, søndag morgon. Det var ein mann som blei stukken i ryggen og som ifølge politiet vart lettare skadd i angrepet.

– Han var oppegåande etter hendinga og får nå behandling ved Universitetssjukehuset i Stavanger, sa operasjonsleiar Tor Helge Stavik til NTB.

Ser meir alvorleg ut

Universitetssjukehuset i Stavanger opplyser seinare at mannen er alvorleg skadd, men at tilstanden er stabil.

Politiet starta søk etter gjerningsmannen med alle tilgjengelege ressursar etter kort tid.

Gode spor

Det var fleire vitne til det som hadde skjedd. Etter avhøyr av dei, og undersøking av staden der angrepet skjedde, fortalde politiet at dei hadde gode spor i saka.